– Håplaust!
Slik beskriv Morten Eide Pedersen frå Team Eksjöhus opplevinga i Sexten, Italia.
For 15 kilometer før mål, av det totalt 6,2 mil lange løpet, gjekk det gale.
Nordmannen rykte til for å ta igjen brotet framfor han, men i staden vart det knall, fall og brekt binding.
– Det var min eigen feil. Det var to gutar i brot og eg var ganske langt framme og på veg til å ta dei igjen. Eg skulle forbi ein løpar i altfor høg fart og hekta i snøkanten. Då øydela eg bindinga òg. Som ein ser i videoen, prøver eg å ta meg vidare ned i dalen, men skia fell av igjen og då måtte eg gå med éin fot, forklarer han til NRK.
I heile tre kilometer måtte nordmannen klara seg med éi ski, før smørjaren fekk gitt han ein ny.
– Skal eg gidda det her?, tenkte Pedersen då uhellet var ute.
– Ein skjønner at løpet er køyrt og eg hadde mest lyst til å berre gi opp, innrømmer han.
Men 36-åringen beit tennene saman, og fekk testa balansen.
– Det er lenge sidan eg har gått skirenn, og ei gjennomkøyring er fint. Så eg prøvde å halda det gåande når eg først kom i gang igjen, fortel Pedersen.
Dobbelt så god som Northug
Til slutt hamna den rutinerte langløparen på 21.-plass.
Ei lita trøyst er at han slo Petter Northug Jr. som enda som nummer 42.
– Eg blir litt bekymra for kva han driv med, seier Pedersen med eit smil, og legg til:
– Eg veit ikkje kor mykje han har vore ute og trena, forma hans hadde byrja å bli betre før jul. Men han har sikkert ete litt for mykje julemat.
Northug svarer kort på kritikken.
– Kven er det?, skriv han i ei tekstmelding til NRK.
– Eg skulle gjerne vippa av dei Ragde-gutane
Pedersen, som tidlegare har komme på tredjeplass samanlagt i Ski Classics, vel å sjå positivt på opplevinga.
– Laget har hatt ei bra helg uansett. Me har såpass mange sterke løparar og i dag hadde me tre mann blant topp ti. Det er mykje positivt å ta med seg vidare.
Andreas Nygaard vann rennet og Kasper Stadaas vart nummer to. Begge nordmennene køyrer for Team Ragde Charge, og har vore i storform denne sesongen.
No rettar Pedersen blikket framover.
– Kva er målet for neste helg?
– Pallen! Eg manglar første plassen. Eg skulle gjerne vippa av dei Ragde-gutane.
Pedersens siktar seg òg inn mot ein tradisjonsrik klassikar 28. januar:
– Det er berre å byggja seg opp mot det store målet, Marcialonga.