- NRK viser dagens verdenscuprenn i skiskyting (15 km. kvinner) fra kl. 19.00
– Det er nok større risiko for fall enn normalt, seier Halvard Hanevold, NRKs ekspert.
Den individuelle verdscupen i skiskyting blir innleia med kvinnenes 15 kilometer onsdag kveld. Løypene er dei same som søndag, då Ingrid Tandrevold gjekk på rumpa i dei glatte løypene.
Også fleire av skitesterne falt då dei testa ski før rennet på søndag.
Hanevold var ute og prøvde sporet i går. Han trur det kan bli knall og fall også i dag. Forhalda er krevjande og ikkje optimale.
– I parti som ikkje er godt nok opplyst kan det bli fall. I alle fall når du i tillegg er litt sliten, seier Hanevold.
– Vanskeleg å halde seg på beina
Utøvarane er også budde på vanskelege forhold i isete spor. I kveld skal dei gå i flomlys, ikkje i dagslys, noko som gjer det ekstra vanskeleg.
Johannes Thingnes Bø medgir at løypa er utfordrande.
– Det var ei veldig rask løype, litt som sukkersnø på toppen av skare. Det gjorde det vanskeleg å halde seg på beina, seier Bø og viser til Ingrid Tandrevolds fall i single-stafetten.
– Det er ikkje lette forhold, men det går raskt unna.
– Kva utslag kan det gje?
– Du må vere bestemt når du går. Om du ikkje følgjer med i det eine sekundet, er det lett å gå på rumpa. Men forholda er like for alle, seier Bø.
– Større fall-fare enn vanleg
Også Marte Olsbu merka seg mykje av det same som Bø.
– Det er litt utfordrande når det legg seg sukker på toppen og is i botnen, seier ho.
Ho trur ikkje det vil føre til at ein er meir forsiktig.
– Men du må vere meir medviten på kvar det er is og ikkje is. Det krev litt taktiske vurderingar.
Løypesjef Bertil Nyquist er derimot ikkje like bekymra.
– Nei, det er ingen fare. Dette har vi koll på, seier han, og legg til:
– Eg tykkjer det ser bra ut. Det er hardt, men det er ikkje is. Det er hard snø, fordi løypesålen er tjukk. Derfor blir det kjølt nedanfrå, sjølv om det er varme i lufta. Toppen av snøen tørkar og blir derfor hard, seier Nyquist.
Fresar opp sporet
Nyquist fortal at dei har gjort eit par grep sidan søndag.
– Vi var ute og fresa opp litt av snøen før treninga i går. Alle var nøgde med det, og vi har ein bra plan før konkurransen i dag. Då skal det bli litt mjukare enn det har vore, seier løypesjefen.
Det blir ikkje gjort endringar i løypa etter at fleire fall under stafettane søndag.
– Det blir eit anna ver no, og då får vi stabil og tørr snø, seier Nyquist.
– Skulle det likevel bli hardt i sporet, skal vi sende maskinene ut for å rive opp sporet rett før konkurransane.