Hopp til innhold

Franz Beckenbauer er død: – Ingen vil nokon gong kunna måla seg

Franz Beckenbauer, «Der Kaiser» er rekna som Tysklands kanskje beste spelar gjennom tidene, og som den beste forsvarsspelaren fotballen har sett.

Franz Beckenbauer

BEST I VERDA: Franz Beckenbauer løfter VM-pokalen etter finalesiger over Nederland på si eiga heimebane i München

Foto: AP

Familien opplyser måndag til nyheitsbyrået dpa at Beckenbauer er død, 78 år gammal.

– Det er med djup sorg me kunngjer at mannen min og faren vår, Franz Beckenbauer, døydde fredeleg i søvne i går, søndag, omgitt av familien, seier familien.

– Keisaren er død, skriv den tyske storavisa Bild.

– Tyskland seier farvel til sin største fotballspelar, skriv dei vidare.

Uli Hoeness, ærespresident i Bayern og tidlegare lagkamerat, seier Beckenbauer er den største figuren i historia til klubben.

– Som ein spelar, trenar, president og mann. Han var uforgløymeleg. Ingen vil nokon gong kunna måla seg. Folk kan seia at dei såg på fotball i dagane til Franz Beckenbauer. Han var ein venn for meg, ein unik følgjesvein og ei gåve til oss alle, seier Hoeness i ei pressemelding frå Bayern München.

Tidlegare NRK-kommentator Arne Scheie seier det var ei trist nyheit å få.

– Han har alt, og er på ein måte symbolet på det tyske landslaget som har stått så sterkt etter krigen, seier Scheie.

Han held fram:

– Me snakkar om ein av dei største fotballpersonlegdommane i historia. Det er det ingen tvil om.

Franz Beckenbauer

I AKSJON: Beckenbauer (høgre) under VM i 1970.

Foto: Action Images/Sporting Pictures / Reuters

– Han var inventar i Bayern

Den norske midtstopparen Einar Jan Aas vart henta til Bayern München i 1979/80-sesongen, eit par år etter at Beckenbauer drog frå Bayern og til New York Cosmos i USA.

– Det var kanskje eit håp frå Bayern at eg skulle ta over rolla hans, noko eg absolutt ikkje klarte, for å seia det sånn. Det var store sko å fylla, seier Aas til NRK.

– Korleis vil du hugsa Beckenbauer?

– Eg opplevde han som sjef. Han var den dominante på landslaget og eg trur han bestemde ganske mykje. Det same var det i Bayern. Der var det nokon store namn og han var absolutt det største gjennom tidene der nede. Han var berre ein personlegdom.

Einar Jan Aas Pal Csernai Bayern München

I BAYERN: Einar Jan Aas (til høgre) saman med dåverande trenar i Bayern München, Pal Csernai.

Foto: Paul Owesen, / NTB

Aas fortel at Beckenbauer var med på nokre av treningane til Bayern München i periodar der han var heime i Tyskland.

– Han var ein veldig sympatisk og hyggjeleg kar. Du såg at det var mykje fotball i den karen, sjølv om han byrja å dra litt på åra, seier Aas.

– Han trena med Bayern München-gruppa som gjest. Men han var jo ikkje ein gjest, han var jo inventar i Bayern, seier nordmannen.

Blir hylla på sosiale medium

På sosiale medium er det mange fotballprofilar som har delt minna sine av Beckenbauer.

– Franz Beckenbauer var mitt aller største idol då eg voks opp. Vil gå så langt som til å seia at halve ungdomstida mi gjekk med for å prøva å spela fotball som Keiseren. Ein av dei aller, aller største er borte. Kvil i fred, skriv fotballekspert Lars Tjærnås på X.

– «Der Kaiser» var den vakraste fotballspelaren, som vann alt med stil og sjarm, skriv den engelske fotballprofilen Gary Lineker.

Trenar for det norske herrelandslaget, Ståle Solbakken, seier til NRK at han først og fremst vil hugsa utsidepasningane.

– Han er ein frå tidleg barndom som ein hugsar som den majestetiske liberoen med det store kapteinsbindet. Ein som alltid var med på det irriterande tyske landslaget som du eigentleg aldri heldt med. Han var på ein måte forgrunnsfiguren som den beste spelaren, seier Solbakken.

– Det er ein av dei største som har forlate oss, fortel Solbakken.

Norske Alexander Straus er trenar for kvinnelaget til Bayern München, som akkurat no er på treningsleir i Spania.

– Sjølv om omgrepet legende ofte er litt utbrukt, så er dette sjølve definisjonen av på ei legende. Så me kjenner på at dette er ein emosjonell dag for alle som er ein del av Bayern München, skriv Straus i ei melding til NRK.

Vann Gulballen to gonger

Beckenbauer er ein av tre som har vunne VM både som spelar og trenar, og som tok medalje i alle fem VM og EM han deltok i. Han fekk i tillegg VM til sitt heimland.

Han er den einaste forsvarsspelaren som har vunne den prestisjetunge Gullballen to gonger – i 1972 og 1976. Beckenbauer er eit ikon i tysk og internasjonal fotballhistorie.

– Han er helten I landet vårt. Det har han ikkje blitt tilfeldig, han har oppnådd det med hardt arbeid, sa landslagskameraten Günter Netzer.

Kontroversar i ungdomen

Franz Anton Beckenbauer blei fødd i München i 1945, og hans første klubb var SC München 06. Men det var 1860 München som var hans favorittklubb som smågut.

Det var gutedraumen min å få spele for dei, har han fortalt.

Han fekk også sjansen til å spele for 1860 i ei ungdomsturnering då han var 14 år. Men der hamna han i klammeri med ein motstandar, og hendinga fekk han til å gå til Bayern i staden.

Kontroversar kom han borti seinare og. Som 18-åring gjorde han kjærasten gravid, men ville ikkje gifte seg med henne. Det utfordra den tids moral så kraftig at han blei utestengd frå juniorlandslaget. Utestenginga blei oppheva etter at trenar Dietmar Cramer intervenerte og fekk unge og lovande Beckenbauer inn igjen, skreiv Ulrich Hesse-Lichtenberger i boka «Tor! The Story of German Football».

Han fekk sin Bayern-debut i regionalligaen, nivå 2. Debutkampen var ein playoffkamp mot St. Pauli. Det gjekk ikkje så bra, og Bayern måtte ta endå ein sesong på nivå 2 før dei rykka opp og etablerte seg i Bundesliga.

«Der Kaiser» førte Bayern til europatoppen

Franz Beckenbauer

HEIDER: Beckenbauer med trøye nr. 5 etter «avskjedskampen» mot Real Madrid i 2010

Foto: Michaela Rehle / Reuters

Deretter gjekk det berre oppover, både for Beckenbauer og Bayern. Han gjekk under tilnamnet «Der Kaiser».

Ifølgje Beckenbauer sjølv oppstod namnet i samband med ein vennskapskamp i Wien. Han let seg fotografere ved sida av ein byste av keisar Franz Joseph I. Biletet kom på trykk i mange aviser, og dermed var kallenamnet etablert.

Beckenbauer var ein av berebjelkane på Bayern München då dei innleia dominansen i tysk fotball på slutten av 1960-talet, og nådde europatoppen på 70-talet. Dei vann europacupen tre år på rad, frå 1974 til 1976.

I sin første sesong som kaptein leia han laget fram til deira første ligatittel. Han skulle ta fire av dei med Bayern, i tillegg til ein med Hamburg i 1982.

Medaljar i fem meisterskap

Beckenbauer, Tyskland utlikner

VM: Beckenbauer fekk medalje i fem internasjonale meisterskap. Her jublar han når Vest-Tyskland utliknar mot England i siste minutt av ordinær tid i VM-finalen i 1966

Foto: AP

På landslaget deltok han i tre VM og to EM, og fekk medalje i alle – inkludert siger i EM i 1972 og VM på heimebane i 1974. Totalt spela han 103 landskampar, med debut mot Sverige i 1965.

Han scora berre 14 landslagsmål i karrieren, men fire av dei kom under VM i England i 1966. Der kom dei til finalen, og der møtte han for første gong Bobby Charlton. Der nøytraliserte dei kvarandre, «så grundig at det blei ein roleg kamp for oss begge», sa Charlton ein gong.

Rivaliseringa med Charlton

Franz Beckenbauer og Bobby Charlton

RIVALAR: Franz Beckenbauer og Bobby Charlton møttest fleire gonger i landskampar

Foto: Jacques Demarthon / AFP

Kampen mellom dei to skulle bli endå tydelegare i kvartfinalen i VM fire år seinare. Også der nøytraliserte dei kvarandre i over ein time.

Så gjorde Englands landslagssjef Alf Ramsey sin velkjende tabbe på stillinga 2–1 til England, der Beckenbauer like før hadde scora det tyske reduseringsmålet: Han tok ut den lett aldrande Charlton for å spare han til semifinalen. Dermed fekk Beckenbauer fritt spelerom, og var sterkt medverkande i Vest-Tysklands snuoperasjon til 3-2-siger.

Beskjeden Beckenbauer sende ut, var «Ikkje prøv deg. Å kome for å møte meg er å kaste bort tida», sa Charlton, kanskje den einaste som makta det.

Den største triumfen

Franz Beckenbauer

GULL: Beckenbauers største triumf med landslaget var VM-gullet i 1974

Foto: Scanpix / AFP

Fire år seinare, i VM-finalen på hans heimebane Olympiastadion i München, markerte han Nederlands superstjerne Johan Cruyff ut av kampen. Det øydela mykje av Nederlands totalfotball, og Tyskland vann 2–1.

Han flytte til USA i 1976 og spela for New York Cosmos i fire sesongar. Cosmos vann ligaen i tre av dei. Så kom han tilbake til Tyskland og avslutta karrieren med to sesongar i Hamburg, før han gav seg i 1982.

To år seinare blei han landslagssjef, og førte laget til finalen i 1986 og til VM-gull i 1990.

Fire gonger fekk han prisen som Tysklands beste spelar, og to gonger som Europas beste.

Han var midtbanespelar den første tida av karrieren, men blei seinare flytta bakover, og er av mange rekna som mannen som skapte den moderne libero-rolla. Der var han fri mann heilt bakarst, men med sine kvalitetar skapte han likevel mange angrep.

Fekk VM til Tyskland

Sepp Blatter og Franz Beckenbauer

ARRANGØR: FIFA-president Sepp Blatter og Franz Beckenbauer etter at Vest-Tyskland har fått tildelt VM i 2006

Foto: Lluis Gene / AFP

I 1994 blei han president i gamleklubben Bayern München, ei rolle han hadde heilt til 2009. I 1998 blei han visepresident i det tyske fotballforbundet, og var svært sentral i jobben som gav Tyskland VM i 2006, der han var ansvarleg for arrangementet.

Han prøvde seg også som klubbtrenar, med suksess der også. I 1990/91 trena han Olympique Marseille, som blei fransk meister og kom til finalen i europacupen den sesongen. I to korte periodar på 90-talet trena han også Bayern München.

Men i ettertid samla det seg nokre mørke skyer over Beckenbauers ettermæle. I 2014 blei han suspendert av FIFAs etiske komité i samband med korrupsjonsgranskingane rundt tildelinga av VM til Russland (2018) og Qatar (2022). Han protesterte, og utestenginga blei oppheva mot lovnad om samarbeid i granskinga.

I samband med 2006-VM blei han mange år seinare etterforska for økonomisk utruskap og kvitvasking av pengar.

Men ettermælet som ein av dei største som nokon gong har spela på ei fotballbane, kan ingen ta frå Franz Beckenbauer.

Siste nytt

  • Rosenborg nekter Nypan og Reitan-Sunde å spille i U19-EM

    Rosenborg kommer ikke til frigi talentene Sverre Nypan og Jesper Reitan-Sunde når Norge skal spille fotball-EM for U19-lag i juli, melder Adresseavisen.

    Det begrunner trønderklubben med at de er viktige spillere for laget, som blant annet skal spille en seriekamp mot Lillestrøm mens EM-gruppespillet pågår.

    Nypan ble også holdt igjen av Rosenborg under U19-EM i fjor, der Norge gikk til semifinalen.

    – Vi i Rosenborg ønsker at våre spillere skal være på landslag, men når det ikke er internasjonale datoer blir det ofte vanskelig. Vi som klubb mener at det er viktig for oss å ha dem tilgjengelig i perioden hvor mesterskapet spilles, sier sportslig leder Mikael Dorsin i RBK til Adressa.

    Klubben kan nekte spillerne å delta i EM fordi mesterskapet ikke er lagt til såkalte internasjonale datoer. Norge-troppen samles 8. juli og spiller gruppekamper fra 15. til 21. juli.

    – De var begge aktuelle, men vi har fått beskjed fra klubben om at Sverre og Jesper ikke får lov, sier U19-landslagssjef Luis Pimenta.

    RBK-midtstopper Håkon Røsten er derimot aktuell for troppen. (NTB)

    Sverre Nypan, RBK
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB / NTB
  • Aftenbladet: Henrik Ingebrigtsen står over friidretts-NM med kneplager

    Henrik Ingebrigtsen (33) kan ikke delta i friidretts-NM på hjemmebane i Sandnes. Han plages med et kne, melder Stavanger Aftenblad.

    Brødrene Jakob og Filip Ingebrigtsen er derimot påmeldt mesterskapet neste helg.

    Henrik Ingebrigtsen var nylig i aksjon på 5000 meter under EM i Roma. Dere endte han som nummer 25. I etterkant har han hatt trøbbel.

    – Han har etter EM slitt med et kne, og prioriterer derfor trening og restitusjon. Han syns det er kjedelig å stå over, for NM på hjemmebane var noe han hadde sett fram til, sier presserådgiver Espen Skoland til Aftenbladet.

    Med NM ute av bildet, har Ingebrigtsen dårlig tid på seg i jakten på å klare OL-kravet.

    33-åringen åpnet etter EM opp om at han hadde fått påvist krystallsyken. Det har preget sesongen hittil. (NTB)

    Henrik Ingebrigtsen Stockholm
    Foto: BILDBYRÅN
  • Dansk motstand for Molde i europaligakvalifiseringen

    Molde skal opp mot Silkeborg i europaligakvalifiseringens 2. runde.

    Det ble klart under trekningen i Uefas hovedkvarter i Sveits onsdag. Moldenserne er inne i europaligakvalifiseringen som norsk cupmester.

    Molde åpner med hjemmekamp og spiller returen i Danmark uken etter. Kampene spilles 25. juli og 1. august.

    Molde var seedet i trekningen og unngikk dermed den hvasseste motstanden. Dersom de tar seg videre, gjenstår 3. og 4. kvalifiseringsrunde før man kommer inn i selve ligaspillet. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Viking
    Foto: Marius Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal