Hopp til innhold

Ut mot EM-kaos: – Rett og slett latterleg

Alt går ikkje på skjener under EM i Tyskland. Fleire har fått nok av det som blir stempla som «eit organisatorisk inferno».

tyskland

KAOS: Tyskland-EM har så langt støytt på ein del problem utanfor banane.

Foto: Montasje NRK/NTB

– Den største triumfen til tyskarane er å få ei heil verd til å tru på myten om at dei er så effektive, skreiv The Guardians anerkjente sportskommentator Jonathan Liew nokre månader før EM.

Så langt verkar det som om han har orda sine i behald.

Det har nemleg ikkje gått heilt knirkefritt for seg utanfor banen for EM-arrangørane.

Eit 17,5 timars mareritt

Fleire lands supporterar og tilreisande er nemleg svært kritiske til behandlinga dei har fått og korleis Tyskland har tilrettelagt for folkemassane som har tatt turen for å sjå meisterskapen med eigne auge.

Euro 2024 - Group A - Germany v Scotland

MYKJE FOLK: Det er mange som har tatt turen til Tyskland for å sjå EM.

Foto: Angelika Warmuth / Reuters

Martin Lipton, The Suns sjefreporter for fotball, fekk tidleg ein mistanke om at meisterskapen ville by på problem.

«Det skulle ha vore ein roleg dag, ei enkel reise frå Frankfurt til München og tilbake for å høyre Uefas dommarsjef Roberto Rosetti forklare korleis VAR og teamet hans skulle jobbe saman i EM. Men det blei eit 17,5 timars mareritt da alle skremselshistoriene om det tyske jernbanenettet blei frustrerande sanne» skriv han i avisa.

Da Skottland skulle spele opningskamp mot vertsnasjonen Tyskland, oppstod det nye problem.

«Supporterane som skulle på Allianz Arena blei fanga i eit reisekaos», skriv Talksport.

– Verste organiseringa eg har sett

Dave Cormack, som er styreformann i den skotske toppklubben Aberdeen, er blant dei som har reist til Tyskland for å følge heimlandet i EM.

Han feller ein knallhard dom over det som gjekk føre seg på opningskampen:

– EM 2024 er den verste organiseringa eg har sett på ein kamp. Eg har stått i kø i over ein time, og det er framleis titusenvis av menneske som prøver å komme seg inn. Kor er den tyske effektiviteten, spør han på X.

NRK har kontakta Cormack, men han har foreløpig ikkje svart på førespurnadene våre.

Euro 2024 Soccer Serbia England

FULLE TOG: England-fansen fekk ei dårleg oppleving i samband med første kamp mot Serbia.

Foto: Markus Schreiber / AP

Expressen-kommentator Noa Bachner er i Tyskland og har også fått kjenne problema på kroppen.

«Transportsystemet kollapsar, trengselen er kvelande og ingen veit kva som gjeld. Sinnet veks i Tyskland. Etter tre dagar er EM ein suksess på banen – og farleg utanfor», skreiv Bachner i ein kommentar i den svenske avisa nyleg.

Han stemplar det heile som «eit organisatorisk inferno», og bruker sin eigen togtur til Düsseldorf som eit eksempel.

«Toget var allereie kraftig forseinka da det gjekk sund i Köln. Informasjon måtte ein gjette seg til. Det blei ståplass den siste biten. Reisa tok sju timar totalt. Slike ting skjer, tenkte eg. Men liknande vitnesbyrd kjem frå andre delar av landet heile tida, og når det er kamp oppstår same mønster. Folk står stille, kjem ikkje fram, blir etterlate, forstår ingenting, har ingen å spørje, ingen løysingar blir tilbodne, trengsel. Og folk begynner å bli veldig sinte», skriv Bachner.

Kaos-em-180624

FORSEINKINGAR: Dette er berre eitt eksempel på eit forseinka tog under EM. Fleire har opplevd lange ventetider og dårleg informasjon når problema hender.

Foto: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK

– Rett og slett latterleg

Englands offisielle supporterforeining Free Lions har allereie rykt ut med ein uvilkårleg appell til Uefa om å ta grep etter situasjonen som oppstod da engelskmennene spelte sin første kamp i turneringa.

Ifølge The Guardian skal det ha vore så få togavgangar at ventetida på stasjonen strekte seg til over tre timar for brorparten av supporterane som ville heim frå kampen mellom Serbia og England.

Dei som kom seg på toget, stod som sild i tønne, skriv avisa.

– Vi er forferda over kva fansen måtte gå gjennom i kampen i Gelsenkirchen i går. Å sjå supporterar stå fast på stasjonen i Gelsenkirchen i tre timar etter at kampen er ferdig på grunn av transportproblem i ei stor turnering, er rett og slett latterleg, skriv dei i ei fråsegn.

Grupperinga oppfordrar vidare Uefa til å garantere tilstrekkeleg med transportmoglegheiter for å forhindre at liknande hendingar skjer igjen.

Det engelske fotballforbundet ser med alvor på situasjonen.

– Vi er klare over problema supporterane våre opplevde i Gelsenkirchen og vil sørge for at tilbakemeldingane deira når fram til EM-organisasjonen, skriv FA.

Euro 2024 - Serbia v England

MANGE TILREISANDE: England-fans har møtt opp i hopetal til EM.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters

– Vi beklagar

NRK har kontakta både Uefa og det statlege togselskapet Deutsche Bahn og lagt fram for dei kritikken som kjem fram i denne saka.

Uefa har foreløpig ikkje svart på NRKs førespurnad, men Deutsche Bahn tar sjølvkritikk for problema som har oppstått.

– Dessverre har det dei siste dagane vore nokre driftsrestriksjonar for fans og besøkande på veg til stadiona. Vi beklagar dette og eventuelle ulemper dette har medført. Vi gjer vårt beste for å få supportergruppene inn på stadion i tide, skriv ein talsperson til NRK.

– Fotballfans veit likevel at så snart dommaren blåser i fløyta, drar alle heim. Det kan bli trongt på plattforma og det store talet besøkande kan føre til store tilbakeslag. Som ein viktig samarbeidspartnar innan lokaltransport er DB i nær kontakt med kollektivetatane, dei kommunale transportselskapa og staten for å analysere prosessar og forbetre dei der det er mogleg, skriv dei vidare.

Euro 2024 Soccer Germany Scotland

Går hardt ut mot kallenamnet til stjerna: – Dei veit ingenting

– Kunne oversett ei isolert hending

The Guardians Jonathan Liew har vigd ein heil kommentar til logistikktrøbbelet i Tyskland.

Han meiner EM 2024 føyer seg inn i rekka av sportsarrangement som han stemplar som likegyldige når det gjeld publikums velvære og oppleving.

– Og det einaste poenget her, er at det sannsynlegvis burde vere ein betre måte å gjere alt dette på. Viss dette var ei isolert hending, kunne vi oversett det. Men allereie har det vore transportproblem i dei fleste vertsbyane, uendelege forseinkingar på jernbanenettet og forferdeleg overbefolkning på offentleg transport, skriv han.

Euro 2024 - Group A - Germany v Scotland

BRA SPORTSLEG: Så langt har EM fått mykje ros for det som har skjedd på matta. Utanfor har det vore fleire problem.

Foto: Kai Pfaffenbach / Reuters

TV 2s reporter Arilas Berg Ould-Saada dekker meisterskapen frå Tyskland. Han understrekar at han snakkar på eigne vegner, men fortel at han har hatt blanda opplevingar så langt.

– Vi køyrer leigebil i Tyskland, så eg veit lite om kollektivtransporten anna enn kaoset eg har sett på sosiale medium. Det mest positive har vore trafikken inn og ut av arenaene, og parkeringsplassane. Der er Tyskland i særklasse. Men det som har overraska meg mest negativt, er kor lite førebudd dei verkar på talet på menneske som skal inn på stadion, seier Ould-Saada til NRK.

Fotball, Nations League: Sverige - Norge

PÅ PLASS: Arilas Berg Ould-Saada dekker EM for TV 2.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Stod til stryk

Han fortel at kanalen måtte stå i kø i godt over ein time for å komme inn medieinngangen i Gelsenkirchen før kampen mellom England og Serbia.

– Der var det lagt opp til éin tryggleikskontroll for hundrevis av journalistar, som blei ståande i regnet i opptil halvannan time. Og sjølv om køen blei lengre og lengre, blei det ikkje gjort nokre grep for å betre situasjonen. Det stod til stryk, meiner TV 2-reporteren.

– Men det er til sjuande og sist berre ein detalj; eg har lite å klage over og er veldig takksam over å få oppleve denne fantastiske folkefesten, legg han til.

Serbia

Reagerer på at dette dukket opp i EM: – Uakseptabelt

NRKs reporter Harald Thingnes er også på plass i Tyskland. Han er tydeleg på at det ikkje er synd på dei som får reise til meisterskapen og jobbe, men seier dette om inntrykket av den tyske jernbanen så langt.

– Vi har hatt éi lengre togreise til nå, da var toget 35 minutt forseinka. Og da det først kom, var halve togsettet borte, slik at vi ikkje fekk dei plassane vi hadde bestilt. Det var rett og slett ikkje plass til alle som eigentleg hadde billett på toget, seier han på telefon frå Tyskland.

Thingnes påpeikar at pressa ofte er i ei særstilling fordi ein drar tidleg til stadion og reiser heim lenge etter kampslutt, og på den måten blir skåna for dei største folkemengdene.

Kaos-em-180624

TRONGT OM PLASSEN: NRK hadde eigentleg reservert plassar i toget, men halve togsett gjorde det vanskeleg.

Foto: Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK

– Vi kan ikkje utsette ei overhaling

Det er heller ikkje sånn at det er problem over heile vertslandet. Fleire av NRKs medarbeidarar i Tyskland har også hatt gode opplevingar med den offentlege kommunikasjonen.

Ifølge nyheitsbyrået AFP kunne den tyske jernbaneoperatøren Deutsche Bahn rapportere om eit enormt underskot på over 2,3 milliardar euro i 2023. Rekordinvesteringar på over 7,6 milliardar euro må ta mykje av skulda for det. Deutsche Bahn-direktør Richard Lutz uttalte da at dei ikkje har noko val når det gjeld den massive pengebruken.

– Vi kan ikkje utsette ei overhaling og modernisering av infrastrukturen vår, sa han da.

Ifølge tyske DW blei nesten to trejedelar av alle togavgangar i Tyskland i 2023 forseinka med seks minutt eller meir.

Les også Program og TV-oversikt for fotball-EM i Tyskland

Bildekollasj til fotball-EM. Harry Kane, Christiano Ronaldo og Virgil van Dijk