Hopp til innhold

Går hardt ut mot kallenamnet til stjerna: – Dei veit ingenting

Kallenamnet til Toni Kroos gjorde trenar Julian Nagelsmann opprørt før EM. Nå blir superstjerna tatt i forsvar etter NRKs spørsmål.

Euro 2024 Soccer Germany Scotland

LITE FLATTERANDE KALLENAMN: Toni Kroos har vunne det meste ein fotballspelar kan vinne, men det er ikkje alle som er like overtydde om kvalitetane hans som pasningsspelar.

Foto: Ariel Schalit / AP

I forkant av fotball-EM på heimebane møtte Tysklands trenar Julian Nagelsmann pressa.

Der blei han beden om å snakke om Toni Kroos. Stjernen som hadde gitt opp sitt eige landslag – heilt til Nagelsmann overtydde han om å ta ein siste dans i meisterskapen i sommar på heimebane.

– I Tyskland har det alltid vore eit kallenamn: «Querpass-Toni», sa han på pressekonferansen.

International Friendly - Germany v Greece

OPPRØRT: Tyskland-sjef Julian Nagelsmann blir irritert når han høyrer namnet supporterane har gitt Kroos.

Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters

Han stoppa midt i setninga. Risten litt på hovudet.

– Dei som seier det veit ingenting om fotball.

Direkte omsett til norsk betyr det «krysspasning-Toni». Mange av supporterane til landslaget er ikkje overtydde.

Pasningane går berre sidelengs, meiner fleire av dei

NRK gav Nagelsmann høve til å utbrodere under eit pressetreff i Leipzig.

– Kallenamnet er galskap, startar han.

– Eg meiner han er topp tre spelarar i verda som kan finne medspelarar mellom forsvarslinjene til motstandarane.

Gündoğan til NRK: – Latterleg god fotballspelar

34 år gamle Kroos har vunne fem Meisterliga-titlar med Real Madrid. I tillegg til 18 andre trofé for klubben. Han har óg vunne Meisterligaen med Bayern München.

Etter sommar-EM er han ferdig. Skoa blir lagde på hylla for siste gong for trofégrossisten, noko han bekrefta i slutten av mai.

NRK spurde også den tyske kapteinen, Ilkay Gündogan, om kallenamnet på ein pressekonferanse under EM.

– Det er ikkje noko negativt. Eg veit at folk får det til å ikkje høyrast noko særleg positivt ut, men eg veit kor viktige desse «enkle» pasningane kan vere, for det er eigentleg litt min spelestil òg.

– Eg synest trofea og prestasjonane hans snakkar for seg sjølve. Du må vere ein latterleg god fotballspelar for å oppnå alle desse tinga, og det er derfor han er veldig viktig for oss.

  • Tyskland møter Ungarn onsdag kl. 18. Kampen blir send på NRK Radio og TV 2.
Ilkay Gundogan

HYLLAR LAGKOMPISEN: Barcelona-stjerna Ilkay Gündogan lèt seg ikkje irritere av Kroos' kallenamn. Han meiner lagkompisen må ta det som eit kompliment.

Foto: FRANCK FIFE / AFP

Barcelona-spelaren tar seg god tid når han svarer NRK på kvifor han ikkje blir opprørt av kallenamnet.

– Å førebu den siste pasningen og sentre den slik Toni gjer, det er spesielt, sjølv om folk ikkje ser det.

– I karrieren min har alltid det mest fascinerande vore det som ser så enkelt ut, men som er veldig effektivt. Det er ei glede for meg å vere Tonis lagkamerat i denne meisterskapen, smiler han.

Football: UEFA Euro 2024 - 1st round day 1: Group A Germany v Scotland

TRENAR OG STJERNE: I opningskampen briljerte Toni Kroos for Tyskland. Her er han avbilda med Nagelsmann da han blei bytt ut.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Tok tid å overtyde Kroos

Berre dagar etter Tysklands EM-exit i semifinalen mot England i 2021, kunngjorde Kroos at han ikkje lenger ville spele for landslaget.

Men Julian Nagelsmann hadde ikkje gitt opp lysluggen frå Greifswald da han kom inn som landslagssjef.

– I november 2023 hadde vi vel den første telefonsamtalen som handla om å kanskje få han tilbake. Det tok litt tid å overtyde han, for han lurte på kva vi ville endre framover på landslaget, fortel trenaren pressekorpset dagen før opningskampen.

Toni Kroos var ikkje så lett å overtyde.

– I ein av dei første samtalane med meg sa han at «han berre blir med på laget om han føler at Tyskland kan vinne noko igjen».

Men som vi nå veit, enda det lykkeleg.

– Så eg fortalde han om planane mine og dei neste stega. Så sa han ja og «let's rock», smiler Nagelsmann.

SJÅ VIDEO: Dette skjedde berre éin gong i opningskampen mot Skottland. Dei andre 101 forsøka var suksessfulle frå den tyske talismanen.

Herja i opningskampen

Og det var så definitivt det han gjorde i opningskampen mot Skottland i München.

Av 102 pasningar Toni Kroos spelte, bomma han på berre éin (!).

– I kampen mot Skottland var han veldig god. 99 prosent av pasningane hans var suksessfulle. Dei var ikkje berre pasningar sidelengs, som du refererer til, seier Nagelsmann til NRK.

I tillegg var han tredje sist på 1–0 og blei påskjønte med 9/10 på børsen til blant anna britiske The Guardian.

– Kroos kjem ikkje til å bomme på ein pasning før han sit i peisestua på sjukeheimen, skreiv fotballekspert Lars Tjærnås på X undervegs i kampen.

Enten pasningane går sidelengs eller framover, som på det første målet skåra i EM-et i år, får 34-åringen fleire høve til å vise registeret sitt onsdag kveld 18:00. Da møter Tyskland Ungarn i Stuttgart.

  • Kampen blir vist på TV 2 og kan høyrast – saman med alle andre kampar frå meisterskapen – på NRK Radio.
SoyaabhUoNs

SJÅ VIDEO: Toni Kroos og Tyskland utklassa Skottland i opningskampen. Sjå høgdepunkta her.

Euro 2024 - Final - Spain v England

England-stjerna med skrekktal: – Milevis unna

Spania, seier etter EM

Hvem skal stoppe denne gjengen?

UEFA Euro 2024, day 31, Final, Spain - England

Ble hengt ut av TV-profil – her slår han tilbake etter EM-finalen

Kane

Fikk EM-drømmen knust igjen: – Så vondt som det kan bli

Tyske fans ser på kampen mellom Tyskland og Spania, ved Brandenburger Tor, juli 2024

Mesterskapet som skulle redde Tyskland

Yamal

EM-heltens budskap vekker oppsikt: – Folk pleide å skamme seg

FINALEKLARE: Spanjolene har hatt mye å juble for til nå i EM.

Når et helt land blir enig om en spillestil

Yamal og Williams.

Stem frem dine EM-favoritter og vinn premie

England og Harry Kane feirer seieren i semifinalen i EM

To måter å like fotball på

Gareth Southgate

NRKs eksperter splittes av England-sjefens grep: – Det virker dumt

NRK spurte om Nederland-kaptein Virgil van Dijk ville se og bedømme straffesituasjonen. Han takket nei.

Stjernespilleren nekter å se NRKs klipp: - Hvorfor skal jeg det?

England EM 2024

Den engelske metoden