– Eg vil slå Henke Larssons målrekord, seier Zlatan Ibrahimovic til fotballmagasinet FourFourTwo, ifølgje Expressen.
Superstjerna Ibrahimovic har ikkje alltid vore trenarens beste venn. Under Lars Lagerbäcks tid som landslagstrenar valde storscoraren å gje seg for Sverige, og lova seg sjølv at han aldri meir skulle sparke ball med flagget på brystet igjen.
Angriparen gjorde likevel comeback då tidlegare Rosenborg-trenar Erik Hamrén tok over styringa, og har sidan leia «Söta bror» med kapteinsbind og stor autoritet.
Her er Zlatans mål
Men det er ingen tvil om at svenske fotballfans har vore usikre på kor lenge den aggressive ballkunstnaren ville kjempe for landet sitt.
No lovar Milans gallionsfigur å spele landslagsfotball også etter VM i Brasil om to år. Han har nemleg eit mål om å danke ut ein annan svensk måljeger og legende: Henke Larsson.
Larsson står i dag som tidenes mestscorande på det svenske landslaget.
– Eg har scora 28 gangar (no 29) for Sverige, og veit at Henke Larsson har 37 mål. Det er ein rekord eg vil slå, seier Zlatan.
Optimist framfor EM
30-åringen, som gjorde sin landslagsdebut i 2001, er altså åtte mål unna sin gamle spissmakker. Larsson har i tillegg spelt 31 kampar meir enn «Ibra» for Sverige.
Eit steg nærare rekorden kan han komme under EM i Polen og Ukraina, som går av stabelen i juni denne sommaren.
Allereie i gruppespelet ventar sterke fotballnasjonar som Frankrike og England. Zlatan er likevel optimist med tanke på avansement til utslagsrundane.
– Om alle i troppen er skadefri og friske, har vi gode moglegheiter for å lykkast. Mange av oss speler jo fast i store klubbar i Europa, og fleire er nøkkelspelarar.