– Forfalla har svekka landslagets offensive slagkraft, og det er svært urovekkande for eit lag som nesten ikkje har scora i år, meiner Karl-Petter Løken.
Noreg har berre scora sju mål på seks kampar så langt i kvalifiseringa, og berre eitt på dei tre som er spela i år – 1-5-tapet i Kroatia i mars.
– Derfor treng vi alle dei offensive kreftene i kan få. Med både Adama Diomande og Joshua King ute er vi merkbart svekka offensivt – spesielt fram mot Bulgaria-kampen, som er den viktigaste kampen for å bli nummer tre i gruppa, seier NRK-kommentator Løken.
Dei siste forfalla kom i dag. Rosenborg-duoen Pål Andre Helland og Ole Selnæs måtte kaste inn handkleet.
Offensivt uttak
Nettopp dei forbetra offensive kvalitetane var noko landslagssjef Per-Mathias Høgmo la vekt på då han tok ut troppen sist tysdag.
– I den troppen vi har teke ut no, har vi fleire spelarar enn før som kan score mål – både midtbane, kantar og spissar – enn vi hadde mot Aserbajdsjan og Sverige før ferien, sa Høgmo til NRK den dagen. Begge dei to kampane enda 0-0.
– Det offensive har vore akilleshælen vår, sa han.
Så tok forfalla til å tikke inn.
Det er serleg kampen i Bulgaria torsdag som blir viktig. Bulgaria er to poeng bak Noreg på tabellen.
Det betyr i klartekst at med siger har Noreg stor sjanse til tredjeplass og playoff. Men uavgjort er sjansen også realistisk, men med tap er EM-ferja mest truleg reist.
– Bulgaria blir nøkkelkampen
Løken meiner kampen mot Bulgaria torsdag er nøkkelkampen.
– Det er dei vi kjempar mot om tredjeplasen, og det er eit lag vi skal vere på høgde med. Kroatia er derimot eit betre lag enn oss.
For før EM-kvaliken starta i fjor haust, var skjemaet klart:
Kroatia og Italia var storfavorittar til dei to første plassane. Aserbajdsjan og Malta var laga vi skulle ta alle poenga mot. Dermed var nøkkelen å vere best i dei innbyrdes møta mot Bulgaria.
På Ullevaal i fjor vann Noreg 2-1. Dermed trengst eitt poeng torsdag kveld.
– Men Bulgaria er nøydde til å vinne for å henge med. Vinn vi, har vi parkert dei for godt, og uavgjort er også eit svært godt utgangspunkt, seier Høgmo.
Begge laga skal møte Italia og Kroatia i løpet av sine tre siste kampar. Noreg skal i tillegg møte Malta, Bulgaria skal møte Aserbajdsjan.
For ordens skuld: Dei to beste laga i gruppa pluss den beste trearen går direkte til EM i Frankrike neste sommar. Dei åtte andre gruppetrearane spelar playoff om fire plassar.