. Dei skal delast inn i fire trekningsgrupper med åtte lag i kvar. Gruppe 1 er dei åtte seeda laga, dei tre andre gruppene er inndelte geografisk.
Seedinga byggjer på FIFA-rankingen for november. Gruppene skal trekkast fredag klokka 17.00, norsk tid.
Det betyr for eksempel at vi kan få reprise på forrige VMs finalekamp mellom Spania og Nederland allereie i gruppespelet dersom trekninga gir slikt utslag.
Grunnen er at det ikkje skal vere meir enn to europeiske lag og ikkje meir enn eitt lag frå nokon av dei andre verdsdelane i same gruppe.
Arne Scheies "best og verst"
– Her kan det bli mange storkampar, sa Arne Scheie då han fekk sjå seedingsgruppene.
NRK-veteranen som har kommentert fotball i over 40 år, ser straks historiske parallellar til mange tidlegare VM-finaler.
– Her kan vi allereie i gruppekampane få England - Tyskland (finale i 1966), Brasil - Italia (finale både i 1970 og 1994), Tyskland - Nederland (finale i 1974), Tyskland - Argentina (finale i 1990) og Nederland - Argentina (finale i 1978), og ikke minst Spania - Nederland frå forrige VM i 2010, seier Scheie.
Når vi ber han plukke ut den mulig tøffaste og den mulig lettaste gruppa ut frå trekningsinndelinga, må Scheie ta seg tid. Så kjem han fram til dette:
Den tøffaste: Spania, Nederland, Japan og Nigeria.
– Spania mot Nederland vil jo bli ein storkamp. Japan er nok det beste av dei asiatiske. I Afrika er det meir usikkert, men Nigeria er alltid eit godt lag i den verdsdelen, seier Scheie.
Den lettast mogelege: Sveits, Ghana, Costa Rica, Hellas.
– Men ingen grupper i eit VM-sluttspel er lette, seier Scheie, som gler seg til trekninga.
Slik er trekningsgruppene:
Trekningsgruppe 1 (dei toppseeda)
- Brasil
- Spania
- Argentina
- Belgia
- Colombia
- Tyskland
- Sveits
- Uruguay
Trekningsgruppe 2 (Afrika og Sør-Amerika)*
- Elfenbeinskysten
- Ghana
- Algerie
- Nigeria
- Kamerun
- Chile
- Ecuador
- X*
Trekningsgruppe 3 (Asia, Nord- og Mellom-Amerika)
- Japan
- Iran
- Sør-Korea
- Australia
- USA
- Mexico
- Costa Rica
- Honduras
Trekningsgruppe 4 (Europa)*
- Bosnia-Hercegovina
- Kroatia
- England
- Hellas
- Italia
- Nederland
- Portugal
- Russland
- Frankrike
Eitt lag frå kvar trekningsgruppe skal trekkast til hver gruppe (A-H) i VM.
*Fotnote: Det er ni europeiske lag i trekningsruppe 4, men berre sju lag i trekningsgruppe 2. Før hovedtrekninga skal eitt av dei ni europeiske laga i gruppe 4 trekkast ut og plasserast i gruppe 2. Dette laget skal seinare trekkast i same gruppe som eitt av dei seeda søramerikanske laga, for å opretthalde den geografiske balansen, som det heiter i FIFAs forklaring.
Arrangørlandet Brasil vil bli førehandsplassert i gruppe A og skal spele opningskampen i Sao Paulo 12. juni. Finalen går 13. juli.
Då FIFA presenterte inndelinga av trekningsgruppene og prosedyren for trekninga, lova han også at stadion i Sao Paulo skal bli ferdig i tide.
Dette har vore uvisst sidan ei 500 tonn tung kran velta og øydela store deler av den eine tribuneseksjonen for nokre dagar sidan. To menneske omkom i ulukka.
Også arenaene i Curitiba og Cuiaba blir forseinka i høve til den opprinnelege fristen i desember. Dei er venta ferdige i februar.
Hvilke tanker har du om VM-trekningen?