Hopp til innhold

Ferguson etter exiten: – Skuffande

Europacupen 2011/2012 blei ei pinleg affære for Manchester United. Torsdag rauk stjernegalleriet ut av europaligaen mot Spanias sjuande beste lag.

Rooney

Wayne Rooneys kroppsspråk seier alt. Manchester United har hatt ein marerittsesong i Europa.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap

– Vårt mål er å komme på det samme nivået som Barcelona, sa Manchester United-manager Alex Ferguson før denne sesongen.

Held skotten enno på desse måla, bør han raskt gløyme at laget hans torsdag kveld rauk ut av europaligaen mot Spanias sjuande beste lag, Athletic Club de Bilbao.

Det skjedde bare tre månader etter at Manchester United rauk på trynet ut av meisterligaen, etter tap mot sveitsiske Basel.

Herja framfor elleville fans

Eit fullsett og kokande San Mamés Stadion fekk sjå heimelaget herje med serieleiaren frå England i europaligaens åttedelsfinale.

Spanjolane frå Bilbao vann 3-2 på Old Trafford førre veke, og hadde eit glimrande utgangspunkt med tanke på avansement.

Stemninga hos dei drygt 30 000 tilskodarane eksploderte då Fernando Llorente sende heimelaget i leiinga etter 23 minutt. Med nettkjenninga måtte Manchester United score tre mål for å kunne ta seg vidare til kvartfinale.

Håpet forsvann då Oscar De Marcos la på til 2-0 i andre omgang.

Wayne Rooney pynta på samanlagtresultatet med ei perle av ein avslutning då ti minutt stod igjen av kampen, men det blei bare med den eine nettkjenninga.

– Vi kan ikkje klage. I første omgang slapp vi inn eit veldig billig mål, som var det aller verste som kunne skje. Det er utruleg at vi slapp inn eit mål som det, sa Ferguson til Channel Five.

Les vidare under biletet...

Athletic

Feiringa har truleg såvidt begynt for Athletics supporterskare. Det er ikkje kvar dag spanjolane dankar ut eit lag som har for vane å hevde seg mellom dei aller beste i Europa.

Scheie: – Aldri bra å tape kampar

Med 2-1-triumf i åttedelsfinalens siste kamp, kan Athletic Club ta med seg ein god porsjon sjølvtillit til kvartfinalen.

For sjølv om europaligaen nok ikkje er særleg prestisjetungt for Alex Ferguson, er tapssifra dårlege for eit suksesslag som United.

Athletic Club vann 5-3 samanlagt.

– Dette meir skuffande enn noko anna. Vi spelte ikkje på vårt beste i meisterligaen, og no er vi ute av europaligaen, konstaterte Ferguson.

NRKs Arne Scheie fekk ikkje sett kampen, men er klar på at exiten var pinleg for United.

– United skulle uansett på dette nivået ha slått Bilbao komfortabelt før dei reiste til Spania, seier fotballkommentatoren.

– No har dei ein mindre turnering å tenke på. Er europaliga-exiten bra for United med tanke på kampen om seriegullet?

– For å seie det slik: Det er uansett aldri bra å tape fotballkampar, seier Scheie.

Her er Fergusons spanskesjuke

Ferguson har tydeleg ein kode å knekke når det gjeld kampar på spansk jord. Middelhavslandet er på ingen måte skottens territorium.

Etter nederlaget mot Athletic Club står laget med eitt tap, tre uavgjort og bare ein triumf borte i Spania dei siste fem kampane.

Dei dryge 450 minuttene med fotball mot lag frå Primera Division har også bare resultert i to scoringar.

Her er kampane:

  • Athletic Club de Bilbao - Manchester United 2-1 (15. mars 2012)
  • Valencia - Manchester United 0-1 (29. september 2010)
  • Villareal - Mancester United 0-0 (25. november 2008)
  • Barcelona - Manchester United 0-0 (23. april 2008)
  • Villareal - Manchester United 0-0 (14. september 2005)

No er håpet om Premier League-gull det einaste Manchester United har igjen denne sesongen. I ligaen ligg dei på topp, bare eitt poeng framfor Manchester City når ti kampar gjenstår.

United

Fernando Llorente sende publikum til himmels med si 1-0-scoring, og sørga for å forlenge Alex Fergusons dårlege rekke av kampar på spansk jord.

Fotball

  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP
  • Moi-dobbel da FCK vant

    Mohamed Elyounoussi scoret de to første målene da FC København slo Silkeborg 3-0 i dansk superliga. Nå er laget bare ett poeng bak serieleder Brøndby.

    Brøndby tapte 2-3 borte for Midtjylland tross en scoring av Ohi Omoijuanfo. Det gjør at det er svært jevnt i gullkampen. Ett poeng skiller mellom de tre første, og tre mellom de fire første, når fire serierunder gjenstår.

    (NTB)

    Mohamed Elyounoussi
    Foto: PAUL ELLIS / AFP
  • Maanum tilbake i Arsenals startoppstilling – første start siden kollapsen

    Frida Maanum er endelig tilbake i Arsenals startoppstilling når London-klubben gjester Manchester City søndag.

    24-åringen har riktignok fått to innhopp etter den dramatiske kollapsen mot Chelsea. Hun fikk først 25 minutter i 3-0-seieren hjemme over Leicester, og deretter 27 minutter i 1-1-kampen borte mot Everton.

    Maanum falt om og ble liggende på gresset i ligacupfinalen mot Chelsea 31. mars.

    (NTB)

    Britain Soccer Women’s Super League
    Foto: Rhianna Chadwick / AP
  • Grønstad tok norsk rekord på 600 meter

    Tobias Grønstad IK Tjalve fortsetter storformen på 600 meter. Søndag løp han inn til 1.14,56 under et stevne i Tyskland. Det er norsk rekord på distansen.

    Grønstad løp også inn til rekord sist uke – da han tok tiden til OL-gullvinner på 800 meter fra 1996, Vebjørn Rodal.

    Etter å ha smadret to norske rekorder på 600 meter, er planen nå å løpe 800 meter om en uke – også det i Tyskland.

    Friidrett - Trond Mohn Games
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • 2-1 til Brann

    SISTE: Innbytter Anna Aahjem setter ballen i mål med 10 minutter igjen av kampen. Brann har dominert andre omgang, og påført Rosenborg årets to første baklengs.

    Mathine Østenstad uliknet for Brann rett etter pause. Straffen ble gitt etter at RBK-keeper Rulyte går for hardt inn i en duell. Brann-trener Martin Ho har gjort tre bytter i pausen, og dette har gitt effekt.

    Frøya Dorsin sendte bortelaget i ledelsen i åpningskampen på Brann stadion. Langskuddet 31 minutter inne i kampen kom etter at Rosenborg vant ballen, som følge av en hands dommer Karoline Jensen overså.

    Det ble en sjansefattig og jevnspilt første omgang.

    Totalt 6051 supportere har søndag tatt turen til tilskuerbenken på Brann stadion.

    SENDTE BRANN I LEDELSEN: Innbytter Anna Aahjem
    Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
Erling Braut Haaland