Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Derfor rekna vi alle med eit Rosenborg – lag som trass i rekord – stor leiing skulle avslutte sesongen med stil. Men særleg stilmessig blei det ikkje.

Jubel for Tromsø-tilhengerne, men en ripe i lakken for Rosenborg.
Heile veka hadde ein prediket om det ansvaret klubben hadde overfor dei andre bottenlaga og at ein etter dei to siste kampane på Lerkendal trengte ei god gjennomkøyring mot Tromsø.
Sjølvsagt ville RBK– spelarane vinne kampen. Poengrekorden var innan rekkevidde. Men for tida får dei det ikkje til.
Snytt
Og det er ikkje ofte vi kan melde om eit Rosenborg lag ut av form.
At det denne gongen direkte gjekk utover Ålesund og Vålerenga, gjer at det nok er ein del fotballtilhengarar i Noreg som no føler seg litt snytt.
Ålesund rykker ned på grunn av manglande erfaring. Spesielt tidleg i sesongen gjorde dei feil som blir straffa med mål på dette nivået.
No hadde ein byrja å spele på erfaring og så rykker ein ned. Så brutal er toppfotballen.

Bjarmann kommer til å blø for Lillestrøm også neste år, tror Jan Åge Fjørtoft.
PS!
Torgeir Bjarmann takket for seg.
Eg skal drikke fire Redbull–vodka på styrten dersom han ikkje signaliserer comeback til våren
Årets lag
Eg har satt opp mitt personlege årets lag, i tillegg til at eg gjev ut ein del prisar:
Keeper: Espen Johnsen, Rosenborg
Forsvar:Christer Basma, Rosenborg
Frode Kippe, Lillestrøm
Brede Hangeland, Viking
Ståle Stensaas, Rosenborg
Midtbane: Ørjan Berg, Rosenborg
Martin Andresen, Stabæk
Runar Berg, Bodø/Glimt
Seyi Olofinjana, Brann
Spissar: Harald Marin Brattbakk, Rosenborg
Håvard Flo, Sogndal
Årets prisar
Mine prisar:
Årets spelar: Martin Andresen, Stabæk
Årets trenar: Øystein Gåre, Bodø/Glimt
Årets nykommar: Seyi Olofinjana, Brann
Årets kuleste: Ivar Morten Normark
Årets langskytar: Olav Råstad, Bodø/Glimt
Årets pappa: Ole Martin Årst, Tromsø