Dagen etter at landslagsforsvarar John Arne Riise meldte at han vil slutte å dele meiningar med både fans og presse, blir oppførselen hans slakta av VG-kommentator Truls Dæhli.
– Karaktermord, seier Riise i møte med media på Ullevaal stadion.
– Trudde nokon hadde blitt drept
Framfor kampen mot Slovenia tysdag var Fulham-spelaren fortsatt i fokus for twittermeldingane han sendte ut før VM-kvalifiseringsmøtet med Island fredag.
Landslagsbacken gjorde torsdag kveld eit poeng av at han skulle bli historisk med 105 landskampar, men bare minuttet seinare skifta fotballstjerna plutseleg tonen:
«Kanskje Ålesund setter pris på noen neste gang en spiller setter rekorder #arrogantefolk»
Han gjekk også til angrep på Aalesund fotballklubb, og tidlegare trenar Ivar Morten Nordmark, som av Riise blei kalla ein «stakkars mann».
Etter at meldingane kom ut, slik at heile Norge fekk lese, blei det laga ei rekke Riise-saker i norsk media. Det likte Riise likte dårleg.
Difor bestemte han seg for å ta eit oppgjør med media på Island laurdag.
Sundag kom «dommen» frå VG-kommentator Dæhli. Han valde å hudflette mannen med flest Norge-kampar i historia etter oppstyret.
Saka held fram...
Ikkje unaturleg tørsta eit stort pressekorps etter å høyre Riises reaksjon etter kritikken frå VG same dag.
Stemninga var trykka og spent før forsvarsspelaren tok til å svare på Ullevaal.
– Kva skal eg seie? Eg våkna med 30 anrop og 30 meldingar, og trudde nokon hadde blitt drept, seier han i intervju med TV2.
– Eg har hatt det ganske tøft i dag. Når det kjem eit slikt karaktermord, så blir eg såra og lei meg, held Riise fram.
For det er skildringar som dette ålesundaren må tole frå landets største avis:
«...et landslag handler ikke bare om resultater, det handler litt om verdier også, og i denne saken har John Arne Riise gjort seg til talsmann for en type egoisme og uforstand som, gitt at den får fotfeste og blir dyrket internt, ganske raskt vil torpedere både prestasjon, kultur og omdømme».
Sjølv seier Dæhli dette om kommentaren:
– Etter dei reaksjonane eg har fått, så oppfattar eg dette som ganske valdsamt. Eg oppfattara også at det er stor grad av einigheit, og at dette var noko som burde bli sagt, seier Dæhli til VG Nett.
– Eg angrar
Riise påpeika laurdag at han ikkje lenger ønska å dele meiningar med media.
Etter kritikken sundag held han fortsatt på det han sa dagen i forvegen, men vil ikkje boikotte pressa fullstendig.
– Eg vil ikkje gå i nokon krig. Den kan eg ikkje vinne når det er snakk om media.
Riise vedgår at det ikkje var smart å sende ut twittermeldingane, som starta oppstyret, like før kamp.
I etterpåklokskapens namn skulle han ønske at han aldri hadde gjort det der og då.
– Eg angrar på tidspunktet for meldingane, og eg angrar på at eg kalla ålesundarar for arrogante folk.
Hangeland: – Må sørge for at dette ikkje påverkar oss
Landslagskaptein Brede Hangeland er ikkje interessert i å ta del i debatten.
– Vi prøver å halde fokuset på fotball no. Eg vil halde meg for god til å ta del i slike debattar, seier Hangeland.
– Men kan dette påverke laget i negativ forstand?
– Det er vår jobb å sørge for at det ikkje skjer, svarar kapteinen til NRK.no.
Heller ikkje landslagssjef Egil Drillo Olsen hadde stort å seie om det samtlege journalistar ville snakke om på Ullevaal sundag.
– Eg må setje meg meir inn i den saka. Ikkje har eg lest VG, og ikkje veit eg kva Twitter er, svarar «Drillo» vagt.
– Men at Norges største avis går ut med det som nærast er eit karakterdrap av ein landslagsspelar. Kva tenker du om det?
– Det spørst kven det seier mest om. Landslagsspelaren eller Truls Dæhli, avsluttar Olsen.