– Dette talet viser at eg kan å score. Men det er nok Helstad som har dei aller fleste av dei måla, ler Erik Mjelde.
Thorstein Helstad er den tredje mestscorande spelaren Brann har hatt nokon gong. Heile 107 mål har han putta for raudtrøyene.
Petter Vaagan Moen og Erik Mjelde har begge 35 mål for laget. Også keeper Kenneth Udjus har bytt frå raud til kanarigul trøye.
– Vi har tenkt å score mål for Lillestrøm også, seier Mjelde.
Søndag får dei sjansen.
Første gong mot gamle lagkameratar
Dette er første gong Mjelde skal spele mot Brann etter at han reiste frå klubben.
Brann-trenar Rune Skarsfjord fryste Mjelde ut av heimklubben ved å nekte han speletid etter at han skal ha kritisert Skarsfjord sin taktikk etter tapet mot Hødd i semifinalen av cupen i fjor haust.
Mjelde signerte ei treårskontrakt med Lillestrøm i mars, og sa då at den siste tida i Brann hadde vore mentalt tøff.
Dette er med andre ord ein spesiell kamp som står framfor 29-åringen.
– Eg kjenne det kriblar litt ekstra i magen. Det blir kanskje litt spesielt, men eg prøvar å gjere denne kampen mindre spesiell enn den kanskje kan virke som, seier Mjelde.
Han tenkjer ikkje på korleis det blir å sjå Skarsfjord igjen, men gler seg til å spele mot gamle lagkameratar.
– Eg blir ekstra gira av at eg skal spele mot gamle kompisar, og tenkjer ikkje på korleis det blir å sjå Skarsfjord i det heile. Når dommaren bles i fløyta i morgon så tenkjer eg på denne kampen som ein vanleg kamp, seier Mjelde.
Scora frå 70 meter – utan vilje
Men det konfliktfylte klubbskiftet til Mjelde er ikkje den einaste grunnen til at denne kampen blir spesiell. Då Brann møtte Lillestrøm på Åråsen i fjor, hadde nemleg Mjelde eit lite uhell. Han presterte å score frå 70 meter – utan vilje.
Mjelde var Brann-kaptein og skulle sentre tilbake til Lillestrøm-keeper Stefan Logi Magnusson som ein Fair Play-gest. Problemet var ballen spratt over Magnusson og i mål.
Etter kampen sa Mjelde følgjande til NRK.
– Eg prøvde å slå ballen utanfor, men bomma tydelegvis.
Det enda ikkje der. Brann kom med endå ein Fair Play-gest, der dei ønskte at Lillestrøm også skulle få billig mål tilbake.
LSK-spelar Björn Bergmann Sigurdason tok ballen med seg over bana og mot Brann-målet utan eit snev av motstand.
Den einaste som ikkje var med på at Sigurdason skulle få spasere ballen i mål, var keeper Piotr Leciejewski, som gjorde det han kunne for å redde.
Sigurdason heldt hovudet kaldt, og scora sitt tredje mål for kvelden.
– Eg synest den situasjonen blei løyst på ein god måte og at Brann kom veldig godt ut av det i ettertid, seier Mjelde.
Sjølv om Lillestrøm fekk utdelt mål av eit raust Brannlag tapte dei 4–3.
Håpar fjorårstap skal motivere
– Vi fekk tidleg overtak i fjor, og Brann vann fortent. Eg håpar det kan vere med å gire opp Lillestrøm til å ta revansje i år, seier Mjelde.
Men kva utfallet av kampen i morgon blir er spissen ikkje heilt skråsikker på.
– Vi har jo ikkje den beste heimestatistikken, men Brann har ikkje ein særleg god bortstatistikk heller. Eg trur det kan blir mange mål og ein underhaldande kamp, fortel Mjelde.
Saknar ikkje Bergen
No har han vore ein dryg månad i Lillestrøm. 29-åringen trivst allereie godt i rekkene, og synest han har blitt godt motatt.
– Det var kjekt for meg at her var ein liten Brann-gjeng eg kjenner frå før. Det gjorde det lettare for meg å kome inn i ei ny gruppe her i Lillestrøm, fortel Mjelde.
Han har førebels ikkje begynt å kjenne på heimlengselen til heimbyen Bergen.
– Bergen er ein flott by, men eg trivst godt i Oslo også. No har eg budd her ein månad og det har framleis ikkje regna. Det er jo veldig positivt, ler Mjelde.
- LES OGSÅ: Mjelde ferdig i Brann