Marco van Basten var ein av dei beste spelarane i verda på 80- og 90-talet, med åtte år i Milan (1987-95) som høgdepunktet i karrieren. Han scora 218 mål på 280 kampar for Milan og Ajax. Han scora også 24 mål på 58 landskampar - det mest kjende var 2-0-målet i EM-finalen mot Sovjetunionen i 1988.
Vinnarane samanlagt går til gruppespelet. Kampane skal spelast 23. og 30. august, og gruppene skal trekkjast 31. august.
Rosenborg var det einaste av dei norske laga som var seeda i si trekningsgruppe og møter useeda Legia Warszawa. Første kampen går i Polen.
Det er forøvrig det aller første laget Rosenborg møtte då dei innleia sitt meisterliga-eventyr hausten 1995. Den kampen enda med 4-0-tap i
Molde får vere med i europaligaen etter
. Dei trekte Heerenveen, og spelar første kamp heime. Returkampen i den nederlandske skøytebyen går torsdagen etter.Det betyr at Moldes veteran Daniel Berg Hestad får gjensyn med klubben han spela for frå 2003 til 2005.
Tromsø møter serbiske Partizan, og spelar også heime først.
Vinnarane skal spele gruppespel i europaligaen utover hausten.