For eit Lyn i økonomisk krise kan det bety bytte av heimebane.
Nye krav til fasilitetar gjennom den nye medieavtalen fører til at Ullevaal stadion må skru opp leigeprisane. Kontraktene går ut 2010-sesongen, men skal re-forhandlast allereie til hausten.
- Det blir ikkje billegare verken for Lyn eller Vålerenga. Vi kan ikkje leige ut stadion, og ikkje tene pengar på det. Arrangementa blir større og større. Medieavtalen stiller nye krav til stadion som betyr fleire store investeringar for oss, som gjer at vi må auke leiga, seier Jack Hemmestad, administrerande direktør i Ullevaal Stadion AS til NRK.
VIDEO: Må Lyn spille på Bislett?
Økonomisk press
For eit økonomisk pressa Lyn kan ein overgang til Bislett stadion som ny heimearena vere nærare.
- Vi snur på kvar einaste krone for tida, og må seriøst vurdere andre alternativ til heimebane. Bislett kan huse eliteseriefotball, og er blitt diskutert tidlegare her i klubben, seier Keith Woods, marknadsdirektør i Lyn.
Fire millionar kroner i leigeutgifter betalte Lyn til Ullevaal stadion i 2008. Med Bislett som ny heimearena hevdar klubben at dei vil halvere utgiftene.
- Store innsparingar
- I tillegg reknar vi med å auke inntektene betydeleg, så for oss kan dette bety store innsparingar, seier Woods.
Ullevaal stadion vil ikkje opplyse kor stor prisauken blir. Men håpar klubbane blir verande på nasjonalanlegget.
- Vi håpar dei ser at dei tene pengar gjennom dei fasilitetane vi har å tilby. Men det er opp til kvar enkelt klubb å vurdere kva dei vil gjere. Vi skal snart i forhandlingar og håpar på ein god dialog , seier Jack Hemmestad.