NRK Meny
Normal

Henta inn 0-2 og detonerte cupbomba

LEVANGER (NRK.no): Med 15 minutt igjen av kampen tyda absolutt alt på Kristiansund-avansement. Men to kjappe scoringar til 2-2 sikra ekstraomgangar, der Levanger var sterkast.

Geir Bakke

Trenar Geir Bakke og Kristiansund såg svært lenge ut til å gå enkelt vidare i NM. Etter 120 minutt hadde derimot Levanger snudd 0-2 til 4-2.

Foto: Roar Halten / NRK

Etter 120 minutt stod det 4-2 til 2. divisjonslaget Levanger, som dermed sendte 1. divisjonslaget Kristiansund på hovudet ut av cupen.

– Vi spelte ein fantastisk kamp og hadde meir ork og vilje enn Kristiansund. Vi spelte dei ut i 60 minutt. Eg er stolt av moralen som spelarane viste i denne kampen, jubla Levanger-trenar Andreas Holmberg i intervju med Trønder-Avisa etter kampen.

Cruisa mot cupavansement

Kampen opna derimot glimrande for Kristiansund, som rykka opp frå 2. divisjon i fjor.

KBK-angripar Victor Ashby blei spelt fri, sprang frå alle og sette 0-1 i nettet bak Levanger-keeper Ola Rygg.

Bortelaget, og favoritten, heldt oppe trykket og kontrollerte 2. runde-kampen i Levanger. Etter 30 minutt kom 0-2.

Ei avslutning av Sverre Økland inne i 16-meteren gjekk i stolpen, der Andreas Aalbu var frampå og sikkert dobla Kristiansund-leiinga.

Jan Tidjani Aboubacar

Jan Tidjani Aboubacar starta opphentinga for Levangar.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

To minutt ut av det blå

I andre omgang prøvde Levanger seg i større grad, og KBK mista litt av kontrollen, men etter 75 minutt såg kampen lett avgjort ut.

Men så: 1-2 etter 76 minutt. 2-2 etter 78 minutt.

Først var stortalentet, og Molde-klare, Jan Tidjani Aboubacar frampå og klinka inn 1-2 mellom føtene på KBK-keeper Roger Berntzen. Berre to minutt seinare utlikna Lars Emil Flakk til 2-2 etter ein corner.

Langt frå fortent, på Moan gress i Levanger, men no var det full spenning i kampen igjen.

Myrslo blei cuphelt

Kampen gjekk til ekstraomgangar, og etter berre fire minutt fekk heimepublikumet noko å juble for.

KBK-keeper Berntzen var uheldig og felte Levanger-innbyttar Bent Sørmo. Frå straffemerket var Tore Myrslo sikker til 3-2.

Dermed måtte bortelaget angripe med alt dei hadde. Slikt blir det kontringar av.

Ballen blei spelt opp på høgresida, før Myrslo til slutt beina ballen i mål til 4-2.

Bortelaget, éin divisjon over Levanger i seriesamanheng, prøvde og prøvde, men etter 120 minutt fekk trønderane detonert cupbomba.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.