– Eg er god nok for laget, men får bare ta sjansane når eg får dei. Eg håper målene hjelper, seier Haugen etter å ha banka inn 3-2 mot Viking like før slutt.
Brann er med det på tredjeplass i eliteserien, likt med Tromsø som har ein kamp mindre spelt.
– Bare å «hoppe» ballen inn
Fredrik Haugen blei bytta inn på banen til start i andre omgang. Då var heimelaget i føringa med 2-0.
25 minutt etter hadde Erik Nevland og Bengt Sæternes henta inn leiinga, og Viking såg ut til å sikre seg sårt trengde poeng.
Men Haugen øydela det heile fem minutt før slutt.
– Det var tungt i andreomgangen, men desto deiligare når eg scora. Når ballen kom tilbake frå tverrliggaren var det bare å «hoppe» ballen inn, seier Branns nye yndling.
Jarstein-tabbe sende brann i føringa
I ein jamn førsteomgang var det Brann som klarte å omsetje sjansar i mål, og det med god hjelp frå landslagskeeper Rune Almenning Jarstein og Viking-forsvaret.
***På eit skot frå Rudolph Austin i det 43. minutt skulle Jarstein bare legge seg ned og blokkere. I staden fomla han ballen bak seg, og Brann kunne juble for dagens første scoring.
***Med landslagskeeperens tabbe kom ketsjupeffekten for heimelaget, som sette inn 2-0 ved Diego Guastavino bare to minutt etter.
Bare tre poeng bak Molde
Stavanger-laget hadde ikkje tapt mot Brann på dei seks siste før oppgjeret i kveld. Men på Brann stadion hadde dei heller ikkje vunne sidan 2003.
Ei forlenging av bergensaranes gode heimestatistikk sørga Fredrik Haugen for.
Han sette stopparen for Vikings jakt på poeng, og gav gnist i medaljehåpet til Brann som bare er tre poeng bak Molde med ein kamp mindre spelt.