11. februar 2009 scora Christian Grindheim (27) sigersmålet mot Tyskland i Drillos første kamp i hans andre landslagstrenar-epoke.
– Det var greit å score det målet under Egil (Olsen). Sånn sett var eg med på å gi laget eit lite løft med at vi vann den kampen. Det var eit lite «turning point» for alle gutane innad i landslaget etter eitt år utan siger, seier Grindheim.
- LES OGSÅ: Grindheim vil bort fra Herenveen
Hangeland: – Ikkje overraska
Sidan kampen i Düsseldorf har han vore fast på landslaget og markert seg fleire gonger.
– Eg føler eg har ein god posisjon i landslaget no. Eg startar alle kampane og Egil (Olsen) har stor tru på meg, seier haugesundaren.
- LES OGSÅ: – Derfor vinner Norge mot Danmark
Landslagskaptein Brede Hangeland er einig i at Grindheims scoring for to år sidan var eit vendepunkt for landslaget.
– Og at han har tatt ein plass på laget og er ein viktig spelar for oss er eg ikkje overraska over, legg Hangeland til.
(artikkelen held fram under biletet)
«Moa»: Han fortener meir skryt
Tyskland-proff Mohammed Abdellaoue meiner den lavmålte vestlendingen ikkje får merksemda han fortener.
– Kanskje han ikkje får så mykje skryt gjennom avisoppslag, men han gjør ein fantastisk jobb for både klubb og landslag. Om ein ser kva jobb han legg ned ser ein at han fortener meir skryt, seier Abdellaoue.
- LES OGSÅ: Skjebnekampen blir utstillingsvindu
Må ikkje fokusere på media
Ein som skryt Grindheim opp i skyene er assistenttrenar Ola By Riise. Han oppfordrar spelaren til å høyre på sine eigne.
– Det er viktig at spelarar bryr seg minst mogleg om media og mest mogleg om dei tilbakemeldingane dei får direkte frå det miljøet dei jobbar saman med, seier assistenttrenaren.