Solbakken og Köln møtte eit lag som også har kniven på strupen i botnen av Bundesliga. Hamburg stod i likskap med den norske trenarens menn utan siger etter tre kampar spelt.
Oppgjeret i Hamburg var difor ein kamp om sårt trengde poeng.
- SJEKK TABELLEN I BUNDESLIGA HER
- LES OGSÅ:
Ciljan og Hamburg med sjokkstart
Om ikkje dramaet hadde vore stort nok for Solbakken og Köln før kampen, skulle det bli nok å gispe over i dei nitti minutta mot dei blåkledde frå hamnebyen.
Heimelaget, med Per Ciljan Skjelbred frå start, ga Solbakken ein del å tenke på då dei gjekk i føringa etter bare ti minutt. Mladen Petric sette straffesparket som fort kunne blitt starten på nok ein vond dag for alle i Köln.
Men bortelagets Adil Chichi fekk balanse i rekneskapen få minutt etter, og Solbakken kunne gå til pause med senka skuldrer.
Podolski viste musklar
Lukas Podolski, Kölns store stjerne, har vore kopla til tyrkiske Galatasaray den siste veka. I dag starta han på benken, men viste med ein gong han kom inn etter pauset at fokuset ligg på å redde Köln opp av hengemyra.
- LES OGSÅ:
Med hjelp av landlsagsstjerna gjekk Solbakkens menn i leiinga fire minutt ut i andre omgang. Podolski gav ballen til Milivoje Novakovic, og laget kunne juble for 2-1.
Ciljan kunne punktert
Solbakkens store utfordring i Köln har vore å få soneforsvaret i stand til å gjennomføre ein heil kamp utan store feil.
Men Hamburgs Slobodan Rajković og Son skulle vise at nordmannen enno har ein lang veg å gå før det er ro i bakre rekker. På tre minutt rundt timen spelt snudde dei kampen for heimelaget frå 1-2 til 3-2.
- LES OGSÅ:
Per Ciljan Skjelbred kunne også ha teikna seg på scoringslista og nærast punktert kampen, men skotet hans gjekk i treverket.
McKenna og Clemens redda det heile
Med bare sju minutt igjen av ordinær tid gjekk Köln mot eit nytt pinleg tap, og Solbakken såg ut til å måtte førebu seg på ei ny veke med kritikk frå media.
Dramaet var riktig nok ikkje over. To kjappe scoringar frå Kevin McKenna og Christian Clemens redda det heile for Köln heilt på tampen.