Askeladden frå Ulsteinvik knuste isbjørnane frå nord i ein thriller av ein cupfinale.
– Tidenes cupsensasjon, seier Arne Scheie om prestasjonen til Hødd.
Hødd-keeper Ørjan Håskjold Nyland blei kåra til banas beste spelar.
Hødd tok ei imponerande leiing i cupfinalen mot Tromsø etter 62. minutt. Det var Kjell Rune Sellin som scora det viktige 1-0-målet for Hødd.
Publikum er i ekstase på Ullevaal. Frå tribunane runger "Heia Hødd, heia Hødd!"
Fleire tusen menneske frå Ulsteinvik og Sunnmøre har teke turen for å heie på Hødd i den historiske kampen!
Spenninga før kampen
Før kampen: Georg Moltu er på sin første cupfinale, mens Gunnar Myklebust har vore på fleire. Men det er noko spesielt sjølvsagt når Hødd er her.
Dei har stått lenge å venta på Høddbussen. No kjem den endeleg.
Gjengen tar av når idolet deira Davy Wathne rusler forbi.
– Kva for eit lag heiar du på, utbrytar Gunnar Myklebust.
– Brann, parerer Wathne, med eit smil.
– Sandal blir matchvinnar
Dei har parkert fruene sine bakarst i forsamlinga, medan dei sjølv står fremst. Dei tippar at det blir 2–1 til Hødd etter ekstraomgangar og at Espen Sandal blir matchvinnar.
Det er vore en fantastisk blå helg så lang meiner gjengen.
– Vi har aldri møtt så mange Ulsteinvikingar før, som denne helga. Om det blir seier og europacup, så skal vi male Colorline stadion blå. Eller kanskje tar vi Aker, for den er ferdig malt, utbrytar kameratgjengen entusiastisk.