Røa såg ut til å gå mot siger etter at Elise Thorsnes sende Røa i leiinga tre minutt før full tid.
Men russarane utlikna på eit direkte frispark tre minutt på overtid.
- Ufatteleg bittert. Vi har sigeren i lomma, og gir den frå oss så lang tid på overtid, seier målscorar Elise Thorsnes til NRK.
Video: Thorsnes trur på avansement likevel
Burde vore meir kyniske
Ho meiner at Røa skulle ha vore meir kyniske når dei fekk frispark imot så nær slutten. - Der har vi litt å lære, seier Thorsnes.
- Men heldigvis har vi returkampen igjen. Dei imponerte ikkje meg i dag, og i Russland skal vi ta dei, legg ho til.
Må score i Sibir
1-1 betyr at Røa må vinne eller spele uavgjort med scoring i returkampen i Perm i Sibir neste onsdag.
Og tre dagar deretter er det cupfinale mot Trondheims-Ørn.
Lagene møttest også i meisterligaen i fjor. Då ende kampen i Oslo 0-0, men Røa gijek vidare med 1-1 borte.