NRK Meny
Normal

Aserbajdsjan gav Norge hjelp

Med 0-0 mot Kroatia gav Aserbajdsjan Norge ei hjelpande hand i EM-kvaliken i kveld.

Asrbajdsjan-Kroatia

HJELP TIL NORGE: Rahid Amirgulijev og Aserbajdsjan heldt Kroatia til 0-0 og gav Norge hjelp i EM-kvalifiseringa

Foto: TOFIK BABAYEV / Afp

Laster innhold, vennligst vent..

Resultatet inneber at Norge no er berre fire poeng bak Kroatia før Bulgaria-kampen. Og det er nettopp Kroatia Norge skal møte på Ullevaal søndag kveld.

Blir det eitt poeng eller tre for det norske laget i Bulgaria i kveld, er Norge dermed med i kampen om ein av dei to plassane som gir direkte plass i EM i Frankrike neste sommar.

Kroatia hadde det aller meste av både spelet og sjansane i kampen i Baku. Mellom anna skaut Juventus-spissen Mario Mandzukic rett på keeper frå seks-sju meter i dei siste minutta.

Men kroiatane makta aldri å utnytte sjansane sine. Aserbajdsjan heldt nullen, slik dei også gjorde på Ullevaal tidlegare i år.

Real Madrid-spissen Mateo Kvacic fekk også sitt tredje gule kort og må stå over kampen på Ulleval.

Seinare i kveld skal også Italia møte Malta. Med siger der vil Italia overta tabell-leiinga.

Laster innhold, vennligst vent..

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.