Askeladdens gjennombrot

Aldri, verken før eller seinare, har eit lag frå fotballens nivå tre spelt seg fram til cupfinale. Men i 1976 skjedde det.

Steinar Aase scorer mot Sogndal i cupfinalen 1976
Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Laget var Sogndal, og spela i den tids 3. divisjon. Men i cupen herja dei vilt med laga i etasjane over, og det førte dei heilt fram til finalen på ei tung Ullevaal-matte.

Sjå høgdepunkt frå finalen

Slo ut tre topplag

Opp gjennom rundane vart vi godt kjende med namn som Leon Hovland, Rolf Navarsete, Ingvar Stadheim og først og fremst kapteinen Svein Bakke.

Allereie i 3. runde hadde dei slått ut Viking med 2-1 heime på Fosshaugane. I runden etter kom sogningane heim frå Hamar med 1-0 over HamKam, og i kvartfinalen kunne eit rekordpublikum sjå heimelaget slå Start 1-0.

Semifinalen gav 3-1 over 2. divisjonslaget Steinkjer på Gulbergaunet, og dermed var den historiske sensasjonen klar: Gjengen frå fruktbygda ved Sognefjorden hadde nådd heilt til Ullevaal. Der venta Brann som finalemotstandar.

Blytung bane

Svein Bakke, cupfinalen 1976

Sogndal-kaptein Svein Bakke i aksjon i finalekampen

Foto: Owesen, Paul / SCANPIX

Vinteren kom tidleg til Austlandet det året. I dagane før finalesøndagen kom det tung våt snø, som hadde gått over til regn.

Bana var gjennomvåt, og først om morgonen kampdagen vart det klart at det kunne spelast kamp der. Det var klart for kamp mellom David og Goliat.

Ullevaal var fullsett, truleg med eit fleirtal som håpa askeladdane frå Sogndal skulle klare å gå heile vegen.

Sogndal hadde ikkje vist overdriven respekt for motstandarane før, og gjorde det ikkje no heller. Laget hadde overtaket i første omgang, men utan teljande resultat.

Også etter pause var sogningane best frå starten. Men Brann hadde noko Sogndal mangla, nemleg matchvinnarar som kunne utnytte sjansane når dei kom.

Branns spisspar Steinar Aase og Bjørn Tronstad var stadig farlegare. Og det var dei som stod bak første målet midtveges i andre omgang: Tronstad gjorde forarbeidet, Aase sette ballen i mål.

- Der var det slutt for overraskelseslaget, trudde dei fleste. Storfavoritten hadde teke leiinga.

Sogndal slo tilbake

Men nei. På den blytunge og delvis sagflis-dekka bana henta sogningane fram sine siste krefter. Dei pressa Brann tilbake.

Ti minutt før slutt fekk dei corner. Den vart slått inn i feltet der Knut Christiansen sveva høgast av alle, og stanga ballen i mål. 1-1, og askeladden var med igjen. Kven ville ha mest krefter att i ekstraomgangane?

Men så langt kom ein aldri. Branns matchvinnarar slo til igjen, og det vart Sogndals bane.

Fire minutt før full tid vann Tronstad ballen på midtbana, sette fart gjennom Sogndals forsvar, dribla keeper Hovland og trilla ballen i ope mål.

Då var det slutt. Brann hadde sikra seg kongepokalen.

Men cupen og cupfinalen i 1976 var Sogndals. Askeladden hadde erobra meir enn halve kongeriket.

Fotballnyheter