NRK Meny
Normal

Stranda av streik

7000 Milan-tilhengarar sit fast heime i Milano, og kjem seg ikkje til Aten for å sjå klubben sin i meisterligafinalen mot Liverpool onsdag.

 

Tilhengarar av AC Milan
Foto: CEM TURKEL / AFP

Ein streik blant flyselskapet Alitalias kabinpersonale, kombinert med streik blant flygeleiarane, fører til at 400 flygingar er kansellerte.

Dermed kjem ikkje supporterane seg avgarde til den greske hovudstaden i tide.

 

Stemninga kan bli så aggressiv at luftfartsstyresmaktene ser på det heile som ein tryggingsrisiko.

- Å ikkje tillate desse folka å få reise, er eit alvorleg problem, seier leiaren i det italienske luftfartsverket.

Milan, på same måte som Liverpool, har bare fått tildelt 17.000 billettar til kampen.

Men Milans spelarar reiste til Aten allereie i går.

Fotballnyheter