NRK Meny
Normal

Faste finalearenaer?

For framtida kan finalene i meisterligaen og UEFA-cupen kome til å gå på rundgang blant faste arenaer.

Nye Wembley
Foto: CHRIS YOUNG / AFP

Det er Det europeiske fotballforbundet, UEFA, som vurderer å endre utveljingsprosessen av finalebanene.

Tanken har også vore diskutert med europeiske politkarar.

Bakgrunnen er ein kombinasjon av å ha faste baner der tryggleiken og alle fasilitetane er førsteklasses, og å kunne velje finalearena mykje nærmare opptil finalen enn det tilfellet er i dag.

Geografi og politikk

- I dag blir banene ofte utpeika med både geografiske og politiske undertonar, ikkje berre sportelege. Det er dette vi no vurderer ei endring på, seier ei høgtståande UEFA-kjelde til telegrambyrået Reuters.

Tanken er å kunne vente med plasseringa av finalen til semifinalistane er klare. Dermed trengst eit utval arenaer som står klar til bruk for eit så stort arrangement.

To år

I dag blir finalearenaen peika ut to år på førehand. Dette for at arrangøren skal kunne få tid til å ruste opp bana og fasilitetane til den standard som trengst, og ikkje minst av tryggingsgrunnar.

UEFA-talsmannen viser til scenarioet frå årets meisterliga:

- Vi hadde tre engelske lag i semifinalene. Set at to av dei hadde kome til finalen. Dei hadde måtta reise til Athen og spela langt vekke frå sine tilhengarar på ein arena med 60.000 plassar. Samstundes hadde Wembley stått der - i heimelandet til begge laga - med 90.000 tomme sete. Det er dette vi må legge til rettes for i framtida, seier han.

Frå same land

Noko liknande skjedde i 2000 då spanske Real Madrid og Valencia møttest i Paris, og i 2003 då Juventus og Milan spela finale i Manchester.

Det er allereie bestemt at meisterligafinalen skal gå i Moskva neste år og i Roma i 2009. Finalen i UEFA-cupen er lagt til Manchester neste år og Istanbul året etter.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.