I forkant av trekninga til VM i Brasil i 2014 stod Norge i fare for å bli passert av andre europeiske lag som Hellas, Frankrike, Montenegro og Russland på FIFA-rankinga.
Med det kunne dei miste posisjonen i førstepulja med verdas største fotballnasjonar når kvalifiseringsgruppene skulle klargjerast.
Difor blei Litauen, lag nummer 58. på rankinga, vald som motstandar slik at Norge kunne trygge 12.-plassen på FIFAs liste over verdas beste lag.
Dan Eggen: – Norge er spekulative
– Vi såg litt mot FIFA-rankinga når vi plukka ut Litauen. Dette var fordi eg visste det ville bli ein avgjerande kamp vi måtte vinne for å vere i seeding-pulje nummer ein mot VM-trekninga. Det var eit bevisst valg å ikkje møte ein for god nasjon og risikere dårleg ranking, seier Semb.
Sjølv om ordkrigen før kveldens EM-kvalifiseringskamp mellom dei to nasjonane nærast har vore ikkje-eksisterande, er det stor ueinigheit om nettopp FIFA-rankinga.
- LES OGSÅ: – Minst 54% sjanse for EM-spel
No kastar eks-Norge-spelar og tidlegare proff i Danmark, Dan Eggen, seg på debatten og går langt i å antyde at Norges Fotballforbund tenker taktikk og spekulerer i kor vidt ein avanserer på FIFAs liste når motstandarar blir valde til privatlandskampar.
– Den metoden kan brukast spekulativt. Eg er rimeleg sikker på at Norge har FIFA-rankinga i hovudet når dei planlegg privatlandskampar, seier Eggen.
Olsen: – Ville aldri gjort dette
Danske spelarar og trenarar har heilt opp til EM-kvalifiseringsmøtet i kveld uttalt at dei ikkje forstår kvifor vesle Norge er så høgt som nummer 12 på FIFA-rankinga.
Landslagssjef Morten Olsen meiner at det danske fotballforbundet ikkje veljer dårlege motstandarar for å avansere på FIFA-rankinga.
– Det gjør vi ikkje. «Overhodet» ikkje, seier Olsen.
Semb avviser at Norge gjer dette ofte.
– Vi ser meir på et øvingsobjekt i forhold til kva type nasjonar vi kan møte i det gruppespelet vi skal ut i. Det går på kva vi skal øve på når vi speler heime, og kva andre ting vi kan gjere når vi speler borte, seier Semb.
(artikkelen held fram under biletet)
– Utskiftingar grunnen til låg ranking
Landslagssjef Olsen legg ikkje skjul på at rankinga er viktig, men har også ei forklaring på kvifor Danmark «bare» ligg på 21. plass.
– Privatlandskamp-resultata våre har sikkert vore dårlegare dei siste to til tre åra enn tidlegare år, men det har sine grunnar. Vi har hatt problem med spelarar som ikkje har fått spele i klubbane sine, og dermed vore nøydde til å skifte ein del på laget, seier han.
- LES OGSÅ: Grodås vil ha ønskereprise i Parken
- LES OGSÅ: Riise fnyser av dansk kritikk
Meiner danskane må lide for dårlege privatlandskampar
Ifølgje Olsen veljer det danske fotballforbundet motstandarar ut frå kvalitet og korleis dei passar til kommande kvalifisering. Det har fått konsekvensar for Danmark, meiner Semb.
– Danskane har gjort det dårleg i treningslandskampar, og må difor lide litt for det når dei er nokre plassar bak Norge, seier Semb.
Den danske landslagssjefen svarar tilbake med at at FIFA-rankinga ikkje viser kor jamne laga bak dei beste er.
– Bare fem-seks lag i verda er eksepsjonelle. Laga i posisjon nummer åtte til nummer førti er jamgode og kan slå kvarandre avhengig av kven som har ein god dagen, seier Olsen.