Første siger mot topp fem
Casper Ruud spelte blant sine mest minneverdige kampar da han slo Stefanos Tsitsipas i den 3. runden i ATP 1000-turneringa i Madrid. Ruud vann 7–6 og 6–4 i to strake sett.
– Eg prøver berre å spele så godt eg kan. I dag var det ein ny bra kamp frå mi side. Eg har sett Tsitsipass spele betre, sa Casper Ruud til Eurosport etter kampen.
Grekaren er ingen lettvektar, han ligg på femteplass på verdsrankinga.
– Ein av dei beste spelarane i verda dei siste vekene er slått av vår mann Casper Ruud. Eg kjenner klumpen i halsen her no, sa Eurosport sin kommentator Ola Bentzen etter kampen.
No ventar Alexander Bublik i kvartfinalen. Han er kjend for å spele ganske utradisjonell tennis. Han glimtar blant anna til med underarms-serve til tider.
– Huff, det blir ein interessant match. Han kan slå dei villaste slag, og dei villaste feil kan ein vel også seie, seier Ruud.
Sigeren gjer også at Ruud vil gå inn blant dei tjue beste på verdsrankinga. Det er hans beste plassering nokosinne.