Hopp til innhold

Flukt frå Toppserien: – Dei beste blir tvinga ut

BERGEN/OSLO (NRK): Barcelona-stjerna Caroline Graham Hansen meiner fotballforbundet har svikta den norske Toppserien – og at det er grunnen til at over halve landslaget har reist til utlandet.

Fotball VM-kvinner 2019.

DÅRLEG SATSING: Landslagsspelar Caroline Graham Hansen meiner NFF har svikta Toppserien for kvinner.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Det er kjipt for Toppserien, men når man i Norge ikkje har klart å gjere eit betre jobb frå forbundet si side med å hjelpe klubbane opp og fram, så blir dei beste til slutt tvinga ut, seier 24-åringen.

For fire år sidan var det berre tre utanlandsproffar på det norske landslaget. I troppen som slo Nord-Irland 6–0 fredag og England 2–1 tysdag, er heile 11 av dei 20 spelarane proffar i utlandet.

Ingrid Syrstad Engen og Stine Hovland, som begge forlèt Toppserien tidlegare i sommar, har også uttalt seg kritisk til nivået i Norge.

– Tilbodet i Toppserien er ikkje bra nok i dag, sa Leine til NRK i sommar etter overgangen til Reading.

Ikkje gjort nok

Det er spesielt tre ting som provoserer Graham Hansen. Færre lag i Toppserien, noko forbundet no har vedteke, meir press på herrelaga om å starte eigne damelag og at det blir putta meir pengar inn i både klubbane og damelandslaget.

– Dette er noko vi har mast om i 5 til 6 år. Hadde dei høyrt på oss då, så hadde ikkje vi stått i den situasjonen at Toppserien hadde segla akterut, slik som den har gjort no.

– Vi må vere lydhøyre for den kritikken. Vi har vore ei stormakt på kvinnesida. Det er jo først no ligaen ute i Europa har blitt kommersialisert. Vi er nøydd til å henge oss på. No er vi ikkje heilt der oppe vi ønska og vere, og nei, da har vi ikkje gjort nok, seier Lise Klaveness som er direktør for elitefotballen i NFF.

Lise Klaveness

FORSTÅR KRITIKKEN: Elitedirektør Lise Klaveness vedgår at Toppserien har segla akterut siste åra.

Foto: Anne Rognerud / NRK

På den same tida peikar ho på at det er som på herresida. Norge kjempar mot store fotballøkonomiar. Ho meiner likevel at det viktigaste skjer lokalt.

– Å kome med midlar frå ein eller annan pott og betale enkelte spelarane, det er vel fortent og ville hatt ein kortsiktig effekt, men det er ikkje berekraftig og det er ikkje fotballen si sjel.

– Cellene er klubbane. Det er dei som gjere fotballen til verdas største idrett, legg ho til.

Ho peikar på at den viktigaste strategien er å auke merkevara til Toppserien, slik at publikum vil kome til dei lokale klubbane og sjå unge jenter spele fotball.

Burde vore sjølvsagt

– Eg forstår kritikken til Graham Hansen, seier NRK-ekspert og tidlegare landslagsspelar Melissa Wiik.

Og ho er ikkje i tvil om at den økonomiske satsinga må aukast, slik at dei kvinnelege spelarane også kan leve av fotballen.

Melissa Wiik

SJØLVSAGT: NRK-sin fotballekspert meiner det burde vore sjølvsagt at damene i Toppserien i 2019 kan leve av fotballen.

Foto: NRK/Julia Marie Naglestad

– Det burde vore sjølvsagt i dag. Eg meiner oppriktig at for at damene skal få til topplag, så må det inn pengar først. Det er akkurat det toppklubbane i Europa har gjort, seier Wiik som meiner det er eit ansvar både forbundet, klubbane og sponsorane må ta.

Dei tre er derimot samde i at for landslaget er det positivt at dei norske spelarane er så attraktive at dei kan spele for dei beste klubbane ute i Europa.

– Det er litt som å stå i spagaten. Det er spanande at spelarar går til store klubbar, men så veit vi at vi er avhengige av dei som er i Norge har relevant konkurranse og at det på sikt blir meir attraktivt og spele i Norge, seier elitedirektøren.

– Om vi gjere nok? Det gjere man jo aldri i fotballen. Men eg kan med handa på hjarte sei at det siste året eg har vore her, og det er ikkje på grunn av meg, så har det vore utruleg mykje fokus på kvinnefotball og Toppserien, legg ho til.

Siste nytt

  • Ruud fikk revansj mot Shapovalov – klar for finalen i Stockholm

    Casper Ruud er klar for finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt. Han slo kanadiske Denis Shapovalov i strake sett (6-3, 6-4).

    Dermed fikk Ruud revansj fra finaletapet i Dallas tidligere i år, der det var Shapovalov som stakk av med tittelen etter å ha slått nordmannen i strake sett.

    I finalen møter Ruud franske Ugo Humbert. Han gikk videre fra semifinalen mot Holger Rune etter at dansken røk en akillessenen underveis i kampen.

    Finalen spilles søndag.

    en person som slår en ball med en tennisracket
    Foto: MAGNUS LEJHALL / AFP / NTB
  • Uheldig Diggins pådro seg brudd: – Jeg sparket borti sofaen

    Den amerikanske langrennsstjernen har pådratt seg et brudd i lilletåa. Nyheten deler hun selv på Instagram.

    – Jeg sparket borti et sofahjørne og så brakk den, forteller Diggins.

    34-åringen virker å vært ved godt mot tross skaden, og hun virker ikke nevneverdig bekymret med tanke på den kommende sesongen.

    – Jeg har aldri brukket en tå før, men det er ikke en svær greie. Det er bare en hump i veien og en interessant historie på veien til OL, fortsatte Diggins.

    Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB
  • Ny Rosenborg-nedtur – mistet seieren på overtid

    Rosenborg har slitt den siste tiden, men borte mot Bryne så de lenge ut til å få med seg en svært etterlengtet opptur.

    Slovakiske David Duris sendte bortelaget i ledelsen etter halvtimen spilt, men etter hvilen var landsmann Tomas Nemcik uheldig da han satte ballen i eget mål.

    Fem minutter før slutt dukket Rosenborgs høyrekant opp igjen. Duris hamret inn ledermålet, men gleden ble kortvarig.

    På overtid smalt det i andre enden. Duarte Moreira sørget for at det endte 2-2 på Jæren.

    Rosenborg har nå gått fire eliteseriekamper på rad uten å vinne. Den forrige seieren i serien kom mot Haugesund tilbake i september.

    Det har gjort at Rosenborg har havnet i ingenmannsland på tabellen. De ligger på en 5.-plass, men har nå sju poeng opp til Tromsø på plassen over.

    For Bryne kan poenget vise seg å bli gull verdt. De er fortsatt i nedrykksstriden.

    Etter 25 kamper ligger Bryne på 14.-plass, fire poeng foran Strømsgodset som ligger på direkte nedrykk.

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal