FFK leiger Flo

Fredrikstad leiger Silbeborg-angriparen Ulrik Flo ut sesongen. Flo kjem inn for å redde Fredrikstad frå nedrykk til 2. divisjon. Dei har berre to lag bak seg på tabellen, og henta tidlegare i veka også inn ein ny trenar, Mons Ivar Mjelde.

Ulrik Flo i danske Silkeborg
Foto: Silkeborg IF

Siste nytt

  • Overtidspoeng for serieleiaren

    Med eit frispark av Mario Vrancic sikra Norwich seg 2-2 mot Sheffield Wednesday fredag kveld, og leier Championship med fem poeng til Leeds og Sheffield United.

    Det kan bety at opprykket kan sikrast måndag for Alexander Tetteys klubb. Tettey sat på benken heile kampen.

    Christoph Zimmermann, Norwich
    Foto: TONY O'BRIEN / Reuters
  • Tangerte 109 år gammal rekord

    Aston Villa tok sin niande strake liga-siger med 2-0 over Bolton i dag. Det er tangering av klubbrekorden frå oktober-desember 1910, og gir så godt som sikkert den gamle storklubben kvalifiseringsplass i Championship.

    Samstundes sende dei Bolton ned til League One.

    Tammy Abraham, Aston Villa
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • Sju baklengs for Norge

    Finland banka Norge heile 7-0 i dagens kamp i den nordiske ishockeyturneringa. Periodesifra var 2-0, 1-0 og 4-0.

    I går tapte Norge 3-1 for Finland. Norge ligg sist etter fire tap for Sverige og Finland, og møter Danmark i to kampar neste helg.

    Lars Haugen
    Foto: DAVID W CERNY / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal