Topprangerte Andy Roddick gjekk lett vidare (Foto: Rick Stevens AP)
Det galdt mellom andre begge dei topprangerte, Andy Roddick og Justine Henin-Hardenne.
Roddick brukte berre 73 minutt på å slå tsjekkaren Bohdal Ulihrach 6-2, 6-3 og 6-3. Henin-Hardenne slo Camille Pin frå Frankrike 6-1 og 6-4.
Men dei to fjerde-rangerte, Andre Agassi og Amelie Mauresmo, imponerte vel så mykje i sine 2.runde-kampar.
Agassi brukte 82 minutt på å knuse tsjekkaren Tomas Berdych 6-0, 6-2 og 6-4, og 33-åringen siktar seg inn mot sin femte siger i Australian Open sidan 1995.
Mauresmo er lysten på sin første grand slam-tittel, og hadde ingen nemnande motstand frå slovakeiske Ludmila Cervanova. Settsifra var 6-0 og 6-2, og kampen var over i løpet av 44 minutt.
Også den tidlegare verds-toppen Gustavo Kuerten frå Brasil gjekk lett vidare. Skader dei siste sesongane har ført 27-åringen frå toppen og ned på 19. plass på ranking-lista.