Ingen brukte lenger tid hos fansen enn Daniel-André Tande etter kvalifiseringa i Garmisch-Partenkirchen.
Han har blitt ei stor stjerne i hoppgale Tyskland, sjølv om han har kvitta seg med det største favorittstempelet etter fjerdeplassen i det fyrste rennet.
Det er berre ein fordel meiner hoppekspert Johan Remen Evensen
Takla ikkje presset i Oberstdorf
– Det er fordel for Tande at han er i angrepsposisjon. Hadde han leia hoppveka i dag hadde han fått alle auga mot seg. Han viste jo i går i fyrsteomgangen i går at han ikkje takla det presset og forventingane så bra. Nå er han på skuddhold og kan førebu seg i ro og fred, seier Evensen
Fred var det ikkje lett å få på sletta i går, men Tande var tolmodig og gav fansen ein drøss med selfiar og autografar.
Og posisjonen som fjerdemann samanlagt 12,3 poeng bak leiande Stefan Kraft lever han godt med.
– Det er heilt sant som Johan seier. Eg likar meg veldig godt i angrepsposisjon. Det er kanskje derfor eg har ein tendens til å hoppe meg såpass mykje oppover på lista i andre omgangar også, seier Tande.
Hata bakken i fjor
Men bakken i Garmisch-Partenkirchen er ein hoppbakke Tande ikkje har gode minner frå.
– I fjor kom han med diverse kraftige meldingar. Han sa han hata bakken og ville brenne bommen, men han kjem hit med ein heilt anna form i år, seier ekspert Evensen med eit smil.
Kongsberg-hopparen er også langt forsiktigare i ordbruken dette året og føler han har begynt å bli ven med ovarennet som han sleit med i fjor.
– Eg har alltid synest det har vore ein bakke som passar meg bra, eg har berre slite litt med bommen. Men i år føler eg at eg fiksar den også.
I kvalifiseringa i går enda Tande på ein litt skuffande åttandeplass, men han er trygg på at forma er god nok til å knappe inn på forspranget til teten samanlagt på årets fyrste dag.
– Eg skal prøve å knipe litt igjen i morgon, og ta litt jamt og trutt. Så får me sjå korleis det ender til slutt. Det blir veldig jamt, men eg skal vere veldig offensiv, seier Tande før han kastar seg inn i bussen med lagkameratane.
Nyttårshopprennet ser du på NRK1 frå 13.50 og dei norske duellane er som fylgjer:
Daniel Andre Tande–Tom Hilde
Andreas Stjernen–Dmitriy Vassiliev
Halvor Egner Granerud–Michael Hayböck
Anders Fannemel–Stefan Hula
Robert Johansson–Anze Semenic