Hopp til innhold

Drog frå søstera sin kamp: – Den dårlegaste avgjerda i historia

Maren Mjelde skulle ta kvartfinalens aller siste spark på ballen i Meisterligaen. Tida stod stille og tilskodarane heldt pusten. På utsida sprang storebror Erik Mjelde.

Mjelde

TEAM MJELDE: Maren Mjelde viste nervar av stål og skåra på straffespark i Meisterligaen. Erik Mjelde gjekk glipp av det store dramaet.

Foto: NTB Scanpix / NRK

Erik Mjelde var på tur i London saman med kollegaer. På den eine sida av tribunen sat han saman med gjengen, medan på motsett side var det eit ledig sete ved sida av mor og far.

Lyon leidde 2–1 samanlagt, og storebroren forlét gjengen sin for å helse på foreldra.

– I det 119. minuttet, så ser eg at dette her går ikkje. Så eg går ut av stadion, og dei andre sit på andre sida, så eg må gå heilt rundt, seier Erik Mjelde til NRK.

Medan han er på utsida av stadion, merkar han at stemninga innanfor murane blir annleis.

Eliteserien fotball 2018: Sandefjord - Strømsgodset (2-1).

STOPPA: Erik Mjelde kom ikkje inn på Stamford Bridge igjen sjølv om han var broren til Chelsea-heltinna.

Foto: Trond Reidar Teigen / NTB

Etter fleire minutt med venting på avgjerda til dommaren, hadde Chelsea fått eit straffespark på overtida av ekstraomgangane.

Og den straffa skulle Maren Mjelde ta.

– Vi føler at det er eit eller anna som skjer inne på banen. Eg legg på sprang bort mot luka der eg hadde billett.

– Men der kjem jo ikkje vi inn, fordi den billetten måtte bli brukt før kampen, seier han.

Sjå Spania - Noreg på NRK1 frå klokka 17:45.

Den dårlegaste avgjerda i historia

Maren fortel at Erik hadde brukt alle slags hjelpemiddel for å sleppe inn på stadion igjen.

– Han spurde vaktene liksom «kan eg få lov å komme inn?» medan han fortalde «det er søster mi» og viste bilete frå telefonen. Dei kunne ikkje sleppe han inn, fordi sånn er reglane, seier Maren Mjelde til NRK.

Så den dårlegaste avgjerda i historia. Den går til bror min, seier ho.

Chelsea-spelaren er lite imponert over denne manøveren til storebroren, og seier han har fått høyre det i ettertid.

– Han har fått høyre det frå veldig mange. Så den historia trur eg det er veldig mange som veit om etter kvart, seier ho.

Nødløysinga vart dermed å sjå det avgjerande sparket på ein pub rett rundt hjørnet.

– Eg spring bort der, men før eg kjem inn ser eg at Maren skal ta straffe.

– Eg ser at ho tek tilløpet og set ho i mål. Det blir jo heilt elektrisk stemning inne på den puben.

Women's Champions League - Quarter Finals - Second Leg - Chelsea v Olympique Lyonnais

ELEKTRISK: Det vart både elektrisk stemning på banen, på tribunen og på puben då Mjelde sende Chelsea vidare i Meisterligaen.

Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters

– Mange indre samtaler

Minutta gjekk etter at straffesparket var tildelt. Presset aukar på straffetakaren jo lengre tid det går frå straffa er dømd. Maren stod med ballen i hendene framfor mål og visste at ho måtte skåre for å halde liv i Meisterliga-draumen.

– Eg gjekk ganske mange rundar med meg sjølv. Mange indre samtaler. Det tok jo så lang tid også veit du. Dommaren sa jo til slutt at «dette er det siste sparket på ballen», så same korleis det hadde gått, så var det absolutt det siste som skjedde, fortel ho.

Ho fortel også at hjelpa frå ei lagvenninne fjerna all stresset.

– Det var godt å berre ha nokon der som kunne få fram eit smil og få roa ned nervane. Til slutt hadde eg ingen nervar igjen. Då var det berre eit mål og det var å skåre, seier ho.

Les også Dansken ble grillet om Klaveness - skylder på «misforståelse»

Jesper Møller Lise Klaveness

– Rista på hovudet

Medan Erik jubla med mange fremja på puben utanfor stadion, kom han på at målet sørgde for straffesparkkonkurranse mellom laga. Han prøvde febrilsk å komme seg inn på stadion igjen, til inga nytte.

– Einaste måten eg kunne klart å komme meg inn for å sjå straffesparkkonkurransen, var om søster mi kunne hjelpt meg inn. Men det går jo ikkje.

Til slutt endar han opp med å sjå straffesparkkonkurransen på ein TV-skjerm på stadion trass to kampbillettar.

– Så det blir ein sånn absurd situasjon, der eg står på Stamford Bridge, men eg får ikkje stå inne og eg har billettar, fortvilar han.

Ein sportssjef og fotballtrenar som lever etter «vi skal aldri gi opp», hadde nettopp gått imot eigen filosofi.

– Det valet eg tok var forferdeleg dårleg. Vi skal alltid kjempe til fløyta går. Det gjorde jo ikkje eg. Eg tok tapet i det 119. minuttet, seier han.

Maren Mjelde var ikkje spesielt fornøgd med manøveren til storebroren.

– Søster mi var berre fortvila og rista på hovudet, og tenkte «du er så dum».

Les også Supporterklubb om RBKs kvinnelag: Må være ekte følelser

Kjernen på Lerkendal

Siste nytt

  • Sverige-stjerne tar utskjelt landslagstrener i forsvar

    Sverige-spissen Alexander Isak har fortsatt tillit til landslagstrener Jon Dahl Tomasson, til tross for en marerittstart på VM-kvalifiseringen.

    Sverige hadde allerede fått en trøblete åpning på VM-kvalifiseringen med kun ett poeng på de to første kampene mot Slovenia og Kosovo. Mot Sveits fortsatte motgangen med 0-2-tap og veien til neste års fotball-VM blir enda mer krevende.

    – Det er en frustrasjon som fansen føler på, og den deler vi. Vi har samme ambisjon som alle andre, sa Isak etter kampen.

    – Etter kampen kan jeg forstå at folk vil uttrykke sin frustrasjon, fortsatte Isak.

    Liverpool-stjernen stiller seg samtidig bak landslagssjef Jon Dahl Tomasson, som etter flere svake resultater har fått mer og mer kritikk. Fredag måtte han tåle både buing og bannere som krevde hans avgang fra supportere, ifølge TT.

    – Vi har alle tillit til ham. Vi skal kjempe sammen. Den beste sjansen vi har, er hvis vi står samlet, sier Isak. (NTB)

    Alexander Isak i sportsuniform
    Foto: Jonas Ekstromer / Reuters / NTB
  • Jæger avsluttet sesongen med tredjeplass

    Henriette Jæger presterte godt på 400 meter i New York da hun tok tredjeplass i et sterkt felt.

    OL-vinner på distansen Marileidy Paulino var klart best og stakk av med seieren, mens Salwa Eid Naser ble nummer to.

    Jæger løp inn til tiden 51,24.

    Athlos-løpet i New York, som var rent kvinnestevne, var Jægers siste løp for sesongen. Hun ender dermed opp på 31 konkurranser denne sesongen, noe hun innrømmet overfor NRK at var litt mye.

    – Det har vært en helt sykt lang og innholdsrik sesong. Når jeg setter meg ned og ting er litt roligere, så tenker jeg jo at det her har faktisk vært veldig mye, sa Jæger.

    En gruppe kvinner i atletiske uniformer
    Foto: Christine Olsson / TT / TT / NTB
  • Norges U21-herrer fikk juling av Spania

    Det norske U21-landslaget møtte tøff motstand og tapte 0-4 mot Spania i en privatlandskamp.

    Etter et kvarter gikk spanjolene opp i føringen med etter et innlegg som ble stanget i mål av Simo Keddari.

    Angel Ortiz doblet ledelsen etter en halvtime etter en retur fra Martin Børsheim. Real Madrid-spilleren Gonzalo Garcia økte til 3-0 rett før pause.

    Miguel Carvalho sørget for 4-0 etter 60 minutter.

    Norge spiller ingen tellende kamper denne måneden etter at de innledet EM-kvalifiseringen med 5-0-seier over Slovenia i september.

    I november venter imidlertid Israel og Bosnia-Hercegovina i EM-kvalfifseringen for U21-landslaget. Nederland er også i gruppa. (NTB)

    en mann i sportsuniform
    Foto: Trond R. Teigen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal