Ronny Deila leia Celtic til 1-0 over KR Reykjavik på Island i første kamp av andre kvalifiseringsrunde i meisterligaen.
Tirsdag i kommande veke kan han slå ut Reykjavik i returmøtet på skotsk jord.
Dersom det skjer og dersom Henning Berg leier Legia Warszawa til triumf over St. Patrick vil dei to norske trenarprofilane møtast allereie i slutten av juli.
Det blei klart då UEFA trakk oppsettet i Nyon i dag.
Tøft returoppgjør for Berg
Det einaste som truleg kan hindre eit slikt møte er at Bergs Legia ikkje taklar den tøffe oppgåva med å slå irske St. Patrick i returmøtet. I første kvalifiseringsrunde låg dei under stort sett heile kampen, men Miroslav Radovic redda 1-1 på overtid.
Sjansane for at Deila skal ta seg vidare til tredje kvalifiseringsrunde er større. For Celtic-fansen vil det vere eit sjokk dersom nordmannen taper for Reykjavik.
Desse kan møte Godset
Dinamo Tbilisi fra Georgia eller kasakhstanske FK Aktobe blir Strømsgodsets motsdandar dersom laget frå Drammen klarar å vinne borte mot Steaua Bucuresti, som dei tapte for denne veka (1-0).
Åge Hareides Malmø må slå latviske Ventspils i sin returkamp. Svenskane møter vinnaren av Sparta Praha og Levada Tallinn med triumf over Ventspils.
Gamst kan møte gamlelaget
Det blei ei tøff trekking for dei norske laga om dei går til 3. runde i kvalifiseringa til europaligaen. Molde slo Gorica frå Slovenia med 4-1 og ligg best an av dei norske laga.
Med avansement skal serieleiaren ut mot vinnaren mellom Zorja Lugansk (Ukraina) og Laci (Albania). Zorja leier 3 0 etter første kamp.
Viss Rosenborg greier å vende 0-1-tapet frå torsdag i returkampen borte mot den irske klubben Sligo Rovers, skal laget møte den førre klubben til Morten Gamst Pedersen, Karababukspor.
Haugesund vann bortekampen sin mot Sarajevo 1-0, og med avansement skal laget møte den greske klubben Atromitos.
Tromsø bør også klare avansement etter 0-0 borte mot Vikingur frå Færøyane. Men i neste runde ventar i så fall vinnaren av kampen mellom den ungarske klubben Ferencvaros og Rijeka frå Kroatia.
Rijeka vann torsdag 1-0 heime i første kamp.