Dømt til korona-tap på 28-0
Norges trulege 0-3-tap mot Romania i kampen fotballandslaget ikkje fekk møte opp til, bleiknar i sifra Fijis rugbylandslag måtte tole.
Fiji måtte trekkje seg frå opningskampen mot Frankrike i turneringa Autumn Nations Cup fordi det var krorna-utbrot i troppen. Resultatet blei sett til 28-0 til Frankrike.
– Fiji rugby har ikkje gjort nokon feil. Men reglane seier at om eit lag er årsaka til at ein kamp ikkje blir spela, skal det laget tape 28-0, seier arrangøren.
Som seier dei vil samarbeide med Fiji slik at dei kan stille lag i neste kamp, mot Italia laurdag.