Dommar utestengd etter krenking
Den rutinerte svenske FIFA-dommaren Martin Strömbergsson blir utestengd for resten av sesongen på grunn av ein krenkande kommentar mot ein spelar, erfarer Aftonbladet.
Hendinga skjedde i Allsvenskan i fjor, men kom til overflata i eit podcast-innslag nyleg.
Dommaren vedgår sjølv å ha sagt «hopp inn i buret så skal eg gje deg ein banan» til Östersunds farga målvakt Aly Keita.
Dette førte til at fotballforbundet utestengde Strömbergsson ut året. Forbundet meiner det var krenkande og klanderverdig, skriv avisa. Men granskinga har ikkje kome fram til at det var meint rasistisk, noko dommaren også avviser.
Dommaren har lagt seg flat og beklaga det han sa.
Strömbergssons kontrakt som dommar går ut ved årsskiftet. Det er uklart kva som skjer med han etter det.