Hopp til innhold

– Alt som har hendt i kvinnefotball, var det Dick, Kerr's som gjorde først

Dei er «berre» fabrikkarbeidarar, men blir det mange meiner er verdas beste kvinnelege fotballag til alle tider.

Dick Kerr's Ladies

BEST I VERDA: Dick, Kerr's Ladies er kanskje det beste kvinnefotballaget verda har sett, ut frå si tid

Foto: Ukjent

England møter Skottland i EM i kveld, og engelske fotballkvinner er medaljehåp og historisk populære i sitt heimland.

Eller kanskje berre nesten. For nærmare hundre år sidan gjekk folket også mann av huse for å sjå engelske fotballkvinner.

Dei blei så populære at det gjekk heilt gale.

Ein juledag i 1920 kom det som skulle bli eit historisk toppunkt for fotball for kvinner – og også eit vendepunkt.

«Boxing Day»

Vi er på Goodison Park i Liverpool, og det er 26. desember.

«Boxing Day» er vanlegvis den største dagen i engelsk fotball. Men ikkje dette året, fordi det er søndag og ulovleg med kommersielle arrangement som profesjonelle fotballkampar.

Kampar der inntektene går til veldedige føremål er derimot lovlege.

Kvinnelaga Dick, Kerr's Ladies og St. Helens Ladies møtest i ein fotballkamp der inngangspengane går til inntekt for familiane til soldatar som fall eller blei såra under første verdskrigen.

10-15.000 får ikkje plass

Publikum strøymer til bana denne andre juledagen.

Lenge før avspark er det fullt. 53.000 har greidd å kome seg innom portane.

Utanfor kjem det stadig fleire til, men dei får ikkje kome inn. Truleg er det mellom 10.000 og 15.000 som skuffa må snu og gå heim att.

Det skal gå 92 år før publikumsrekorden blir slått i England.

Dei 53.000 får sjå Dick, Kerr's – allment akseptert som verdas beste fotballag for kvinner – vinne 4–0.

Og Lily Parr – 15 år og allereie superstjerne – imponerer med driblingar og innlegg ute på venstrevingen. Det er ikkje minst på grunn av henne publikum har møtt fram.

Kampen gir 3115 pund til veldedige føremål. Det tilsvarer rundt 120.000 pund – eller nærmare 1,3 millionar kroner – etter dagens pengeverdi.

Men samstundes er den enorme publikumstilstrøyminga starten på slutten for kvinnefotball i England. Det skal vi kome tilbake til.

Veks fram i krigsindustrien

Program frå kamp i 1921

VELGJERANDE: Dette er eit program får ein kamp i 1921, berre kort tid før kvinnefotball i realiteten vart forbode

Foto: Ukjent

Det heile tek til fleire år tidlegare, medan den første verdskrigen pågår for fullt. Bakgrunnen er den britiske våpen- og ammunisjonsindustrien.

Mennene er sende til fronten, og det er kvinnene – «The Munitonettes» – som overtek det aller meste av arbeidet i våpen- og ammunisjonsfabrikkane i Storbritannia.

Arbeidsdagane er lange og svært farlege. Kvinnene jobbar med sprengstoff og helsefarlege kjemikaliar, stort sett utan noko form for vern. Produksjonspresset er enormt.

Både arbeidsleiarane og krigsdepartementet innser at arbeidarane treng fysisk aktivitet for å makte arbeidet.

Tiltaket blir sett i verk. Det blir innført ein arbeidspause midt på dagen.

Hovudaktiviteten blir fotball. Kvar einaste av dei mange ammunisjons- og krigsmateriellfabrikkane i landet får raskt sitt eige kvinnelege fotballag.

– Desse jentene kan fylle Deepdale

Kaptein-kyss

SMASK: Slik helsa kapteinane på kvinnelaga på kvarandre før avspark rundt 1920

Foto: Ukjent / Nationaal Archief

Ein av fabrikkane er Dick, Kerr's i Preston. Fabrikken har problem. Arbeidsdagane er slitsame, moralen nedgåande, og det same er produktiviteten.

Så tek også dei oppfordringa om å spele fotball i lunsjpausen.

Kvinnene stiller lag mot dei få mennene som framleis jobbar i fabrikken. Og vinn. Suverent.

I kontoret sitt oppe i tredje etasje står fabrikkdirektør Alfred Frankland og ser jentene spele nede i bakgarden. Frankland har sjølv fotballbakgrunn og ser at her er det jenter med stort talent og utviklingspotensial.

– Dette laget kan fylle Deepdale, seier han til andre i leiinga. Og han stiftar Dick' Kerr's Ladies i 1917.

Deepdale er ligaklubben Prestons heimebane med ein publikumskapasitet på over 30.000.

Alfred Frankland tek ikkje feil.

Dick, Kerr's Ladies 1917 (første bilde)

FØRSTE KAMPEN: Her er laget som spela klubbens aller første kamp, mot St. Helens i Preston i 1917

Foto: Dick, Kerr's Ladies

10.000 på første kampen

Han tek styringa og utviklar laget til eit topplag, som mest truleg er det beste kvinnefotballaget i historia.

Dei tek nasjonen med storm. I verdskrigens tredje år er publikum sveltefora på underhaldning, ikkje minst fotball.

I sin aller første kamp, på juledagen i 1917, samlar dei 10.000 tilskodarar på Deepdale. Inntektene på 600 pund skal gå til familiane og etterlatne etter falne soldatar. Og 600 pund på den tid er store pengar.

Betre skal det bli. Mykje betre.

Internasjonale pionerar

Dick, Kerr's på Frankrike-turne

FØRSTE UTANLANDSTUR: Hausten 1920 reiste Dick, Kerr's på tur til Frankrike og spela fire kampar. Det gav oppslag i avisene

Foto: dickkerrs.com

Mange av laga til «The Mutionettes» held fram med kampane sine etter fredsslutninga i november 1918. Behovet for pengar til sosial hjelp er enormt, og publikum strøymer til banene.

Dick, Kerr's Ladies er og blir dei største. Dei vinn kampane, dei trekkjer flest tilskodarar, og dei skaffar seg dei største stjernene – megastjerner i dåtidas mediebilete.

Laget er internasjonal pionér i kvinnefotball. Våren 1920 spelar dei fleire kampar mot eit lag frå Paris. Første kampen i Preston samlar 25.000 tilskodarar, og i løpet av fire kampar mot det franske laget samlar dei inn over 3000 pund.

Hausten same året reiser klubben på turné til Frankrike. Fire kampar der samlar 62.000 tilskodarar.

Dei reiser heim utan tap. Når dei går i land frå båten i Dover, blir dei tekne imot som heltar med jublande menneske overalt.

Lily Parr – storrøykande superstjerne

Lilly Parr

STJERNA: Den aller fremste spelaren i Dick, Kerr's Ladies store år var Lily Parr. Alt som 15-åring "sparka ho hardare enn eit muldyr" og scora over 900 av lagets 3500 mål

Foto: Ukjent

Den største av dei alle er Lily Parr. I heile oppveksten har ho blitt herda i konkurranse med sine eldre brør i fotball og rugby.

Som 14-åring blir ho oppdaga av Dick, Kerr's og henta til klubben og fabrikken i 1919. Ho blir ein såkalla «instant hit» – stjerne med ein gong. Den første sesongen scorar den 180 centimeter høge jenta 43 mål.

Parr får 10 shilling for kvar kamp ho spelar. Ho er samstundes kjend som ein storrøykar, og får visstnok utbetalt ein heil del av løna i sigarettar.

Ho skal kome til å score over 900 mål for klubben fram til ho legg opp i 1950, 45 år gammal. I sin siste kamp scorar ho når Dick, Kerr's Ladies slår Skottland (!) 11–1.

Lilly Parr er open lesbisk og blir eit stort ikon i kampen for rettane for lesbiske og homoseksuelle i Storbritannia heilt fram til sin død i 1978.

Ho blir den første kvinna som får plass i National Football Museum Hall of Fame i 2002.

Låner flomlys av Winston Churchill

Alice Kell

KAPTEIN: Alice Kell scora tre mål i kampen på Goodison 2. juledag i 1920. Den stripete lua var sjølve varemerket for Dick, Kerr's Ladies

Foto: dickkerrladies.com

Det er fleire stjerner på laget også: Blonde og glamorøse Florrie Redford, den vesle dribledronninga Jennie Harris, kapteinen og stopparkjempa Alice Kell, og den alltid smilande humørspreiaren Jessie Walmsley.

I 1920, to år etter at verdskrigen er over, organiserer og spelar Dick, Kerr's Ladies den aller første fotballkampen i flomlys.

Dei søkjer krigsdepartementet om å få låne to kraftige lyskastarar som under krigen har vore brukt til å leite etter fly i nattemørkret. Dei får løyve av sjølvaste forsvarsminister Winston Churchill personleg, ifølgje boka In A League of Their Own av Gail Newsham.

Lyskastarane blir rigga opp på Deepdale, og med kvit ball kan jentene spele kamp i kveldsmørkret.

Får FA-bossane til å skjelve

Alfred Frankland

MANNEN BAK JENTENE: Fabrikkdirektør Alfred Frankland såg potensialet i jentelaget frå fabrikken, og blei lagets "manager"

Foto: Spartacus Educational

Men suksessen har ei bakside som skal kome til å gi dramatiske utslag.

Med Dick, Kerr's i spissen er kvinnefotballen i ferd med å bli altfor populær for dresskledde gentlemen i kontora til det engelske fotballforbundet, FA.

Ingenting tyder nemleg på at populariteten til Dick, Kerr's skal avta.

På Anfield i Liverpool møter Dick, Kerr's eit samansett lag av alle dei andre beste spelarane frå heile Storbritannia, og vinn 9–1 framfor 25.000 tilskodarar. Suksessen med lagets Frankrike-turne skremmer også.

Mot slutten av 1921 har totalt over 900.000 tilskodarar betalt for å sjå stjernelaget.

På kontoret til FA har alarmen for lengst gått. Interessa for kvinnefotball er i ferd med å true publikumsinteressa for ligafotballen for menn.

Forbod som varer i 50 år

For er det ikkje berre skarve 35.000 som møter opp på Goodison Park for å sjå ligakampen mellom Everton og Arsenal dagen før Dick, Kerr's Ladies trekkjer 60-70.000 til den same bana?

Det blir for mykje for FA. 5. desember 1921 slår dei til:

Dei vedtek at ingen lag tilknytt FA lenger skal få lov til å la kvinner bruke arenaene og andre fasilitetar knytta til fotballen.

Dermed er i praksis alle store baner stengde for kvinnene.

Offisielt er forklaringa at fotball ikkje passar for kvinner.

Complaints having been made as to football being played by women, Council felt impelled to express the strong opinion that the game of football is quite unsuitable for females and should not be encouraged.
(....)

For these reasons the Council requests the Clubs belonging to the Association refuse the use of their grounds for such matches.

FA Consultative Committee, 5. desember 1921

Men få er i tvil om at forbodet kjem fordi interessa for den organiserte liga- og cupfotballen for menn er trua av oppslutnaden om Dick, Kerr's Ladies og andre kvinnelag.

Resultatet er at i praksis blir kvinnefotball på toppnivå forbode i England. Eit forbod som skulle stå i 50 år.

Dick, Kerr's Ladies

VELDEDIGE FØREMÅL: Laget spela for å skaffe økonomisk hjelp til familiane til soldatar som var drepne og såra ved fronten i første verdskrigen

Foto: dickkerrladies.com

Blir nekta i Canada – slår herrelag i USA

Men det knekkjer ikkje Dick, Kerr's Ladies, iallfall ikkje i første omgang. Dei har allereie kjøpt sitt eige stadion, Ashton Park.

– Og så finst det alltid eit Amerika å dra til, trøystar Alfred Frankland spelarane.

I 1922 reiser dei på turné til Nord-Amerika. Men når dei stig i land i Montreal i Canada, får dei beskjeden:

Kvinner får ikkje spele fotball her heller.

I USA får dei derimot spele – mot herrelag. Dick, Kerr's Ladies vinn tre av kampane. Tre endar med tap og tre med uavgjort.

– Det jentene manglar i tempo, tek dei igjen med kombinasjonar og pasningsspel, skriv New York Times etter første kampen i USA, ifølgje history.com.

Slutt – eitt år for tidleg

Likevel er den store tida over. Forbodet fører til at talet på gode lag går sterkt tilbake. Dei må spele i parkar og på offentlege baner, og der er det smått med publikumsplassar.

Klubbens sterke mann Alfred Frankland sluttar som leiar for laget i 1926 når fabrikken blir omorganisert. Tilknytinga til fabrikken blir avslutta, og klubben tek namnet Preston Ladies.

Frankland jobbar likevel i ulike roller for klubben heilt fram til sin død i 1957.

I 1965 blir klubben lagd ned for godt, 48 år etter oppstarten på ammunisjonsfabrikken. Årsaka er mangel på spelarar.

Bad om orsaking – omsider

Hadde dei halde ut i eit år eller to til, hadde klubben kanskje eksistert enno.

I 1966 vinn England VM for menn heime på Wembley. Interessa for fotball får eit stort oppsving, som også kjem kvinnene til gode. Igjen strøymer jentene til fotballbanene.

FAs syn på kvinnefotball snur. Eit forbund for kvinnefotball blir stifta i 1969 med 44 klubbar, og i 1971 blir fotball for kvinner igjen tillate av FA.

I 2008 ber det britiske fotballforbundet omsider om orsaking for det 50 år lange forbodet.

Men det er for seint for Dick, Kerr's Ladies.

"They were the most successful women's team there has ever been and they have been forgotten for too long especially in their home town".

"Whatever has happened in women's football, Dick, Kerr's Ladies did it first,"

Gail Newsham, forfattar av boka om laget
Ammunisjonsfabrikk

THE MUNITONETTES: Det var her det begynte, i ammunisjonsfabrikken Dick, Kerr's. Her arbeidde jentene lange og farlege arbeidsdagar. Men midt på dagen fekk dei pause for å spele fotball

Foto: dickkerrs.com

Siste nytt

  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP
  • Moldes stjerneduo spilleklare etter skade

    Både Fredrik Gulbrandsen og Magnus Wolf Eikrem er tilgjengelig for å starte når Molde tar imot Haugesund i Eliteserien søndag.

    Det bekrefter trener Erling Moe overfor TV 2.

    – De er klare til å kunne starte. De er med i betraktningen, og så får vi se hvilket lag vi ender på til slutt, sier Moe.

    Molde-treneren forteller også at Markus Kaasa og Martin Linnes ikke er så langt unna en retur.

    – Det begynner å se bedre ut, og det er selvfølgelig bra for oss, sier han.

    Gulbrandsen måtte av med skade i serieåpningen hjemme mot Strømsgodset, men fikk sitt første innhopp etter skaden da blåtrøyene slo Strindheim i cupens andre runde onsdag.

    Det gjorde også Eikrem, som måtte stå over storoppgjøret borte mot Bodø/Glimt forrige helg. (NTB)

    Gulbrandsen og Eikrem
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Benske og Tjøm finaleklare i ro-EM

    Lars Benske og Ask Tjøm var nest best i oppsamlingsheatet og rodde Norges dobbeltsculler i lettvekt til EM-finale.

    Duoen var i mål på tiden 6.42,81 og endte bak Spania. Fire båter fra oppsamlingen tok seg til lørdagens finale i ungarske Szeged.

    Torsdag ble Benske og Tjøm nummer to i det siste av to heat. Bare vinnerne gikk da rett til finalen.

    Martin Helseth rodde inn til 7.22,61 og 3.-plass i oppsamlingsheatet for singlescullere. Det var akkurat ikke godt nok til å gå videre til A-semifinale. (NTB)

    Benske og Tjøm
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal