NRK Meny
Normal

Dette var Marias kvardag – heilt til ho fekk VM-billett

BEAVER CREEK (NRK): – Det er sjukt deilig å stå her etter alt eg har vore gjennom. Eg har hatt alt mot meg, seier alpinttalentet Maria Tviberg (20).

Gå til forsiden

Maria Tviberg

Maria

Maria Tviberg

6 bilder

    – Korsbandet har gått to gangar, eg har slitt med menisk og leddband. Eg har gjort alt mogleg inne i kneet...

    Maria Tviberg

    – Eg er eit konkurransemenske og har blitt tøffare etter skadene, seier Maria Tviberg.

    Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

    I ein alder av 20 år kan alpinttalentet Maria Tviberg skilte med ei oppsiktsvekkande lang skadeliste.

    Ho har fire operasjonar og sju kneskader bak seg.

    VM-debutanten, med to triumfar i europacupen, gjekk nesten heile fjoråret utan å køyre renn etter at korsbåndet rauk for eit år sida, men overraska stort då ho var tilbake og gjorde sin verdscupdebut i St. Morritz i januar.

    Der enda bergensaren på 16.-plass i utfor og 20.-plass i super-G.

    Vegen fram til super-G-deltaking i VM har vore lang. Tilbaketreninga frå den siste skaden har gått mykje seinare enn ho trudde.

    Vurderte å avslå VM-invitasjonen

    Derfor var det mot alle odds at 20-åringen skulle få bli med til VM. Då ho fekk den endelege beskjeden var ho på nippet til å seie nei.

    – Ja, det er litt mot alle odds. Eg har hatt alt mot meg fram til no, så det er sjukt deilig å vere her. Heile vegen har eg hatt eit VM-mål langt, langt vekke.

    – Då eg i desember fekk beskjed om at det såg tungt ut med tanke på comeback hadde eg eigeneleg kasta vekk håpet. Heile vegen blei det mindre og mindre sjanse for at det skulle gå, men no står eg her, seier Tviberg med VMs største smil.

    – Var du på nippet til å avslå VM-invitasjonen?

    – Ja, det har vore mykje snakk om eg skal reise eller ikkje på grunn av faren for å slå opp skade og det at eg er ung, men til slutt blei det bare til at eg tenkte: «Eg må reise, eg må reise».

    – Har blitt tøffare

    Tviberg har aldri vurdert å legge opp og trur skadene har gjort ho klokare i løypa.

    – Eg er eit konkurransemenske og har blitt tøffare etter skadene. Dessutan har eg blitt flinkare til å bruke hovudet.

    – Før kasta eg alt til sida og gjekk «all in» då eg konkurrerte. No konkurrerer eg med hovudet på plass, seier nykommaren.

    Siste nytt

    Sendeplan

    Kl. Program Kanal
    VM i bryting
    4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Strømsgodset