Ellevill jubel, store skuffelsar, rivalisering, medaljar og rekordar. Alt dette ventar når sesongen snart er i gang.
Her er dei store spenningsmomenta denne sesongen, ifølgje NRKs kommentatorar.
Langrenn
– Det største høydepunktet denne sesongen er Tour de Ski. Spørsmålet er om Norge tar heim sigeren der. Aldri før nokon av våre utøvarar lukkast i å gå til topps. Denne gongen har vi to store moglegheiter med Petter Northug og Marit Bjørgen. Sistnemnde har tidlegare stått over Tour de Ski for å prioritere OL og VM. Dette kan bli Marits år i touren, seier kommentator Jann Post.
– I tillegg blir det spennende å sjå om fleire tar steget opp til Northug, Johnsrud Sundby, Rønning. Dette kan for eksempel vere Finn Hågen Krogh.
Skiskyting
– Det blir spennande å sjå om Emil Hegle Svendsen tek revansje mot Tarjei Bø i verdscupen. I tillegg har vi Ole Einar Bjørndalen som har sagt han vil halde fram til OL i 2014, men om han ikkje leverer toppresultater denne sesongen heller kan det være slutt, seier kommentator Jon Herwig Carlsen.
– På kvinnesida er håpet at Tora Berger ikkje blir ei einsleg svale. Ho er ganske aleine som norsk kvinne i toppen no, held Carlsen fram.
Alpint
Ein sesong utan meisterskap er på treppene for alpin-eliten, men likevel blir det ein viktig sesong sett med norske auger.
Norges to aller største håp, Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud, har ein del å revansjere etter ein fjorårssesong der det var langt mellom høgdepunkta.
– Jansrud vann ikkje noko verdscuprenn førre sesong, men han var veldig nær. Å få ein siger blir viktig for han. I tillegg har han sagt at han vil bli ein allround-alpinist. Det blir spennande å sjå om han kjem nærare det denne sesongen, seier NRKs alpint-kommentator, Lars Lystad.
Også VM- og OL- vinnar Lund Svindal er tydeleg sugen på å heve seg eit par hakk dette året.
– Aksel må finne tilbake til den sterke posisjonen han hadde i fartsdisiplinene utfor og super-G. Den mista han litt i fjor. No har han køyrt meir intensiv testing av utstyr, noko han ikkje fekk gjort så mye av framfor førre sesong. Eg trur Aksel får ein bra sesong der det blir viktig å komme nærare suverene Ivica Kostelic, seier Lystad.
På kvinnesida er det ikkje mykje å rope hurra for. Den einaste som kan sørge for norsk jubel er fjorårets store overrasking, Lotte Smiseth Sejersted.
– Ho fekk sitt store gjennombrot då ho sikra femteplassen i utfor i verdscupavslutninga i Lenzerheide i mars. Det blir spennande å sjå om ho tar eit nytt steg mot verdstoppen denne sesongen, seier Lystad.
Hopp
Det er duka for lange svev i Vikersund også denne sesongen. I februar set hopparane utfor i VM-bakken Johan Remen Evensen sette verdsrekord under prøve VM førre sesong.
– Det blir sesongens store høgdepunkt, slår Scheie fast.
I tillegg er skiflygingsbakkane Kulm, Obersdorf og Planica på verdscupprogrammet. Det er til fordel Norge, trur Scheie.
– Nordmenn er tradisjonelt sett betre i skiflyging enn i vanleg K 120-bakke. I dei vonde åra før Mika Kojonkoski tok over meinte dei fleste at dei norske hopparane redda sesongen ved å prestere godt i verdscupavslutninga i Planica.
Og her er hopparane Scheie har best tru på denne sesongen:
– I verdscupen samanlagt blir det Tom Hilde. I skiflygingsrennene blir det Johan Remen Evensen og Bjørn Einar Romøren.
– I tillegg kjem det alltid nokre nye opp. Kanskje blir det Anders Fannemel som imponerer i år, seier Scheie.
Snowboard
– Torstein Horgmo på heimebane blir ein fryd å sjå. Det er også stor spenning knytta til Ulrik Badertscher. Han har evner til å overraske, seier NRKs snowboard-kommentator, Thomas Lerdahl.
Men det er ikkje bare Horgmo og Badertscher som stikk seg fram. Også Gjermund Braaten kan bli eit overraskingsmoment.
– Han går mot skadefri sesong etter å ha fått øydelagd mykje i sesongoppkøyringa dei to siste åra. Det blir spennande å sjå om den tidlegare norgesmeisteren i hallingkast også får ein tittel i snowboard, seier Lerdahl.
Skøyter
Trudde du skøyteløp ville bli tamt denne sesongen? Då må du tru om igjen. Skøytekommentator Ove Eriksen fortel kva du bør sjå opp for:
1. Forholdet mellom Bøkkos CBA og landslaget
Framfor sesongen forlot Norges aller største utøvar, Håvard Bøkko, landslaget til fordel for privatlaget CBA. Eriksen er spent på kva følgjer overgangen vil få.
– Spenninga ligg i kor mykje betre Håvard Bøkko kan bli når han har Peter Mueller tilbake som trenar igjen. Håvard blei nummer to i allround-VM førre sesong. Denne sesongen blir målet å vinne det heile.
Les meir under biletet!
2. Dei unge utfordrarane
– Det norske landslaget har dei tre beste juniorane i verda. Denne sesongen vil det store spørsmålet vere kor mykje dei kan nærme seg dei aller beste i eliten. Juniorverdsmeister Sverre Lunde Pedersen, som også trumfa inn til sjetteplass i allround-EM, er kanskje den framste av desse. Denne sesongen får vi til dømes sjå kor mykje han kan nærme seg for eksempel Håvard Bøkko, seier Eriksen.
– Vi kan også få jenter som snuser på pallen i vinter. På CBA har vi Hege Bøkko som trener med bror Håvard under Mueller. Ho har fått det som ho ønsker. No står det att å sjå om ho kan gjere det betre. På landslaget er Ida Njåtun den sterkaste.
3. Skøytesportens store mann Sven Kramer er tilbake
– Han gjorde eit veldig bra comeback på 3000 meter i Inzel. Tida 3.44 er veldig bra. Dette tyder på at Kramer verkeleg blir å rekne med. Om han kjem tilbake til formen han var i då han blei olympisk meister og verdsmeister i allround gjenstår å sjå.
Kombinert
I år er dobbelt så mange renn som i fjor , så kombinertløperne har 27 verdenscupseirer å kjempe om i stedet for 14.
Arne Scheie tror det blir nok et år med Mikko Kokslien og Magnus Moan i toppen.
– Eg ser ikkje at det er så mange fleire som kan hevde seg heilt i toppen, seier Scheie.
I tillegg er det bare å holde øynene åpne for en ny kombinert-komet. Den som har imponert i sommertreningen er nemlig Magnus Krog, som har vunnet de fleste testrennene.