Hopp til innhold

Den enorme keeperen brølte og skremde vitet av straffeskyttarane

Det er få ting i fotballen som er meir omdiskutert enn straffespark. Slik har det vore sidan 1891.

William «Fatty» Foulke

DIGER: Keeperen Willie «Fatty» Foulke.

Foto: Rights Managed / Mary Evans Picture

Tenk deg dette scenarioet:

Du stormar inn i feltet på jakt etter ballen. Motstandaren sparkar deg ned. Dommaren ser det, men reagerer berre med å sjå spørjande på deg.

Du reiser deg opp, ropar til dommaren: «Hei, eg vil ha straffe på den». «Klart det», seier han utan å nøle, og peikar på linja der straffa skal takast frå.

Straffesparkmerke 11 meter frå mål

TÆRER PÅ: Slik kan eit straffemerke sjå ut etter ein straffekonkurranse

Foto: Javier Soriano / AFP

Du tek straffa sjølv. Du legg ballen der det passar deg best på linja som går tvers over bana 11 meter frå dødlinja.

I det du gjer deg klar, kjem keeper springande og stiller seg midt mellom deg og målstreken, viftar, brøler og kjeftar på deg heilt til du tek straffa.

Dette scenarioet er eit stykke unna straffespark slik vi kjenner det i dag. Men slik var livet for dei første straffeskyttarane i historia, på 1890-talet.

Seinare har straffesparkreglane blitt endra, diskuterte og utskjelte. Dommarane sin praksis likeins. Men straffesparket er framleis ein viktig del av fotballen. Ikkje berre det, det har faktisk blitt viktigare og viktigare.

Legendariske Pelé likte ikkje å avgjere kampar på straffe.

– Eit straffespark er ein feig måte å score på, sa han ein gong.

Tore Andre Flo, straffe i Norge - Brasil

VM: Norsk fotballs mest berømte straffe kom etter denne haldinga av Tore André Flo i Noregs kamp mot Brasil i VM 1998. Kjetil Rekdal scora, og Noreg vann 2–1

Foto: NTB scanpix

Gentlemanssport, eller ...?

Fotballreglar hadde eksistert i fleire tiår før nokon fann på ideen om straffespark. Dei aller første skrivne fotballreglane kom i 1848. I 1857 kom det nye. I 1863 blei fotballforbundet, FA, skipa, og det kom endå eit sett med nye reglar.

Alt dette i England, sjølvsagt. Ingen andre spela organisert fotball på den tid.

Men noko mangla: Reaksjonsformer mot regelbrot. Fordi fotball, som all annan idrett i viktorianske Storbritannia, skulle byggje på «gentlemanship». Å innføre straffer for regelbrot, var å antyde at ikkje alle fotballspelarar var gentlemen.

Det var dei ikkje heller. Det forstod FA i 1872, og slo fast at reaksjonsreglar var nødvendig. Då blei det innført frispark ved hands, seinare også ved felling.

Men berre indirekte – det var ikkje «gentlemansk» å score direkte på frispark.

– Då straffesparket kom inn i regelverket, var det som eit ledd i ei utvikling, seier Nils Henrik Smith. Han har nyleg gitt ut boka «11 meter – straffesparkets historie».

William McCrum

OPPFINNAREN: Irske William McCrum «fann opp» straffesparket då det viste seg at ikkje alle fotballspelarar var gentlemen

William McCrum – styremedlem i det irske fotballforbundet og tidlegare keeper på eit lag som hadde tapt alle sine kampar gjennom ein heil sesong – lanserte straffespark-ideen i 1890. Han såg seg lei på den aukande tendensen med sabotasje av spelet framfor mål, og meinte det burde vere større straff for regelbrot der enn elles på bana.

Han blei latterleggjort, men fekk iallfall i gang ein diskusjon som også fann vegen til IFAB, fotballens regelkomité, som hadde blitt stifta fem år tidlegare.

Handsen som revolusjonerte fotballen

Så kom hendinga som skulle endre fotballen. 14. februar 1891 møttest Notts County og Stoke i kvartfinalen i FA-cupen. County leia 1–0 då kampen gjekk inn i sitt siste minutt.

Stoke angreip desperat for utlikning, og sende av garde eit skot som hadde perfekt retning mot krysset. Utlikninga var opplagt, hadde det ikkje vore for County-backen Jack Hendry. Han stod på streken, hoppa opp og boksa ballen over tverrliggaren. På keepervis.

Det gav Stoke berre indirekte frispark, og det er ikkje lett å score på når ballen ligg nokre få centimeter framfor motstandarane som stiller seg opp på streken. Forsøket var sjanselaust, og Stoke blei slått ut av cupen.

Straffespark «on appeal»

Pele

FEIGT: Legenda Pele scora på mange straffer, men sa at han ikkje likte å score på den måten

Foto: NTB scanpix

Då var begeret fullt. FA-cupen hadde høg status, og episoden gav gjenklang også i IFAB. Det blei også forsterka av ein likande episode mellom East Stirling og Hearts i den skotske FA-cupen same vinteren.

I juli det året vedtok IFAB å innføre straffespark. Ideen til William McCrum hadde skapt ein fotballrevolusjon.

– Eg skulle ønskje at familien hadde fått royalty (ei avgift) for kvar gong det var dømd straffe, sa McCrums tippoldebarn Robert McCrum til Sky News.

Revolusjonerande var det også at det i reglane spesifikt stod at det kunne scorast direkte på straffe. På frispark var det framleis ikkje lov å score direkte.

Det var også straffesparket som tvinga dommarane ut på bana for å kunne vere tettast mogeleg opp i situasjonane.

Tidlegare blei kampen leia av to «umpires», ein oppnemnd av kvart lag, og som såg kampen frå kvar si sideline. I tillegg var det ein nøytral dommar som stod plassert på sidelina ved midtstreken, men hans hovudoppgåve var stort sett å passe tida, skriv Nils Henrik Smith i boka si.

Men no blei dommaren send ut blant spelarane på bana, samstundes som «the umpires», eller linjedommarane, blei nøytrale.

Spesielt for dei første straffereglane var at dommaren ikkje skulle dømme straffe utan vidare. Først når han blei beden om det, kunne han dømme straffe. «On appeal», som det står i ordlyden.

Forstod ikkje reglane

Straffesparkregelen blei praktisert frå ligastarten i september 1891. Avisene var fulle av forklaringar og tolkingar i dagane før seriestarten.

Billy Heath scora det første ligamålet i historia på straffe for Wolverhampton i 5-0-sigeren over Accrington.

Men ikkje alle spelarane las aviser. I dei første kampane stilte dei seg derfor opp mellom straffeskyttaren og målet, slik dei alltid hadde gjort ved frispark. Dommarane – som sjølve sleit med si nye rolle – hadde ofte eit svare strev med å jage dei bort, bak den imaginære 11-meterslinja som enno ikkje var markert på bana.

Her høver det med ein liten digresjon, ei historie frå november 1891 der Stoke på nytt var laget det gjekk ut over.

I ein kamp mot Aston Villa, som leia 2-1, fekk Stoke straffe i sluttminutta. Ein Villa-spelar pælma ballen over tribunen og ut på gata utanfor. Då ballen endeleg kom til rette, var speletida ute og dommaren hadde blåse av kampen.

Episoden førte til ei regelendring om at dommaren skal legge til nok tid til at eit dømt straffespark skal kunne bli tatt. Men for Stoke kom regelen igjen for seint.

Først i 1902 blei 16-meter-felt og fast straffemerke på 11 meter (12 yards) innført.

Men framleis hadde keeperen lov til å gå 6 yards (rundt 5,5 meter) framfor målstreken, og det nytta legendariske William «Fatty» Foulke seg av.

Han var ein gigant av ein mann – 1,93 meter høg og nærmare 150 kilo på det meste. Og han hadde temperament.

Derfor gjekk han ofte så langt framfor mål som han kunne, og brølte av full kraft mot straffeskyttaren. Med sin enorme korpus kunne han skremme dei fleste som prøvde seg på straffer.

I 1905 blei straffesparkreglane pussa opp. Frå då av måtte både «Fatty» og dei andre målvaktene stå på streken. Og dagens regelverk er med berre små unntak det same som i 1905.

Dessutan blei det lov å score direkte på frispark. Ein revolusjon det også.

Måtte berast til straffemerket

Harry Martin

SKADD: Harry Martin var den einaste på laget som ville ta straffe. Han var skadd, men blei henta ut att på bana for å score

Seinare har det oppstått myriadar av historier knytte til straffespark.

Som historia om Nottinghams Harry Martin i ein kamp i jula 1924. Martin hadde teke alle straffene for klubben i fleire år. Mot Bolton blei han skadd og måtte gå av bana.

Det var ikkje lov med innbytarar i dei dagar. Og då Nottingham fekk straffe i sluttminutta – dei låg under med 1-0 – ville ingen spelarar ta straffa. Ingen av dei hadde gjort det på lang tid, og ingen ville ta risikoen på å bli syndebukk.

Men Nottingham visste råd. Dei sende ein delegasjon til garderoben, bar Martin ut på bana og plasserte han på straffemerket. Martin tok straffa utan tilløp, scora, kollapsa og måtte berast tilbake til garderoben. Men han berga poenget.

I 1950 scora Charles Mitten på tre straffer i Manchester Uniteds 7-0-siger over Aston Villa. Før Mitten tok sin tredje straffe, spurde Villas keeper Joe Rutherford kvar han kom til å setje den.

– På same stad som dei to første, sjølvsagt, svara Mitten. Det var akkurat det han gjorde, og scora på nytt.

Den nye tida: Straffesparkkonkurranse

Straffesparkkonkurranse: Everton - Leicester

DEN NYE TID: Sidan tidleg på 70-talet har straffer blitt brukt til å avgjere utslagskampar som står uavgjort

Foto: Carl Recine / Reuters

Vi spolar nokre tiår framover, til 1970. Då oppstod noko nytt: Straffesparkkonkurranse.

Ideen var å avgjere kampar på straffespark der det elles viste seg uråd å spele seg fram til ein vinnar, samstundes som det var vanskeleg eller upraktisk med omkamp.

Fram til då blei vinnaren oftast kåra ved myntkast.

Israelske Yosef Dagan har fått æra for å ha funne opp straffesparkkonkurransen. Men det kan diskuterast. Ideen var tatt tak i lenge før, og fleire har gjort krav på oppfinninga med å avgjere uavgjortkampar frå straffemerket.

Sportsavisa O Esporte fortel om forsøk i Brasil alt i 1942. Tre straffer til kvart lag, så tre til om det var likt – gjerne med same straffeskyttar heile tida. Først deretter skulle myntkast avgjere dersom det framleis stod likt.

Også i det gamle Jugoslavia blei det prøvd med straffer. I Italia blei det brukt i tidlege cuprundar på slutten av 50-talet.

– Publikum vil ikkje sjå ein mynt

Myntkast i fotball, Damir Skomina

TILFELDIG: Før straffesparkkonkurranse blei oppfunne, var det myntkast som avgjorde

Foto: Stringer / Reuters

Den spanske fotballjournalisten Rafael Ballester fekk straffesparkkonkurranse innført i Cadiz’ årlege treningsturnering sommaren 1962. Den gongen med fem straffer til det eine laget først, så fem til det andre. Finalen mellom Barcelona og Zaragoza enda uavgjort det året, og det måtte straffer til.

Men straffekonkurransen enda også uavgjort. Og noko løysing på det var framleis ikkje inne i regelverket. På strak arm bestemte laga at det måtte omkamp til også i straffekonken, med dei same skyttarane. Denne gongen vann Barcelona.

I Tyskland hadde den erfarne pensjonerte dommaren Karl Wald grubla seg fram til litt av det same. Han hadde dømt langt over tusen fotballkampar i karrieren, og prøvd seg fram med ulike variantar i treningskampar.

– Publikum vil ikkje sjå ein mynt, dei vil sjå ballen i nettet, slo han fast.

Israels brev til FIFA

BREVET: Israels forslag til straffesparkkonkurranse i staden for loddtrekning

Foto: Faksimile / Haaretz

Men israelske Yosef Dagan, altså. Han var generalsekretær i det israelske fotballforbundet, og irriterte seg over at Israel tapte OL-kvartfinalen i 1968 mot Bulgaria ved å trekke ein lapp ut av ein hatt. Israels kaptein trekte lappen der det stod «nei» på.

Ein forferdeleg urettferdig måte å avgjere ein kamp på, meinte han, og pønska ut sin plan: Straffesparkkonkurranse med ein og ein spelar frå kvart lag.

Han fekk forbundet med seg, og planen blei lansert for FIFA, som vedtok regelverket like etter VM i 1970.

Mynten på høgkant

Samstundes lanserte Karl Wald sitt forslag, som var nokså likt Dagan sitt. Også det på bakgrunn av ein enkelt episode i ein enkelt kamp:

I 1965 møttest Köln og Liverpool i kvartfinalen i europacupen. Begge kampane enda 0–0. I omkampen på nøytral bane blei det 2–2 etter ekstraomgangar, og dommaren måtte fram med mynten.

Alle augo følgde mynten si ferd opp i lufta og ned på bakken. Der landa han på høgkant i graset. Kölns kaptein Wolfgang Overath meinte mynten hella ørlite grann deira veg, og kravde sigeren.

Men dommaren meinte det var for lite, og dømde «omkast». Det gjekk Liverpools veg.

Derfor konkretiserte Wald planane sine, foreslo det først for det bayerske fotballforbundet, deretter for det fellestyske, DFB. Og i 1970 innførte Vest-Tyskland dagens straffesparkkonkurransereglar i cupkampar.

Dennis Law med første straffebom

Bobby Robson og Dennis Law (høgre)

BOM: Dennis Law blei førstemann som bomma i straffekonkurranse i England

Foto: Robert Rider-rider / AP

I England blei straffesparkkonkurranse testa ut i dåverande Watney Cup, også det i 1970. Første kamp som blei avgjort på denne måten, var mellom Hull og Manchester United. George Best blei første spelar som scora i ein straffesparkkonkurranse etter at FIFA hadde gjort regelen offisiell, og Dennis Law den første som bomma.

I internasjonale meisterskap hadde straffesparkkonkurransen sin debut i EM-finalen i 1976, mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland. Der stod det 2–2 etter ekstraomgangar.

Der det tidlegare hadde blitt nødvendig med ein ny kamp, skulle den nye og ukjende måten å avgjere kampen på prøvast for første gong i internasjonal toppsamanheng.

Tyske Dieter Höness hadde nettopp bomma. Antonín Panenka skulle ta straffa som kunne gi tsjekkoslovakisk siger over favorittane. Han tok fart, men i staden for å skyte hardt, lobba han ballen lett over keeper Sepp Maiers rekkevidde og i mål.

«1000 prosent sikker»

Antonin Panenka

HISTORISK: Antonín Panenka har fått ein straffe kalla opp etter seg, etter straffesparket som gav Tsjekkoslovakia EM-tittelen i 1976

Foto: Valery Hache / AFP

Ikkje berre hadde han blitt historisk ved å sikre eit meisterskap i straffekonkurranse, han skapte også uttrykket «Panenka-straffe».

– Dersom eg skyt hardt, kan keeperen redde skotet. Men om eg skyt i ein lett boge, så har han ikkje sjanse til å kaste seg tilbake igjen, for han er ingen akrobat. Eg visste det ville gå, ikkje 100 prosent, men 1000 prosent, for ingen har tatt ein slik straffe før. Det var berre spørsmål om å gjere det. Det var perfekt innøvd, for eg hadde trena på dette i to år, sa han i sin biografi mange år seinare.

Tallause gonger har andre prøvd dette seinare, med svært ulikt resultat. Når det går inn, er det elegant. Når det mislukkast og keeper roleg kan plukke ned ballen, ser det berre hjelpelaust ut.

Drama og tragedie

Om straffesparkkonkurranse er ein god eller dårleg måte å avgjere på, er flittig diskutert den dag i dag.

– Når ein kamp går til ekstraomgangar, er det eit drama. Når kampen går til straffekonkurranse, er det ein tragedie, sa tidlegare FIFA-president Sepp Blatter ein gong.

Det er prøvd ulike alternativ for å redusere risikoen for straffesparkkonkurranse. FIFA foreslo i 1993 Golden Goal – at første målet i ekstraomgangane skal avgjere. Seinare kom Silver Goal – at kampen skal avblåsast etter første ekstraomgang dersom eit lag leier. Men forsøka fenga aldri publikum, og blei avvikla i 2004.

I strevet med å etablere «soccer» i USA på 70-talet, prøvde dei seg på ei ishockey-inspirert løysing. Ballen blei plassert 30 meter frå mål, og spelaren hadde fem sekund på seg for å score. Den ideen forsvann med North American Soccer League på 80-talet.

Schanke-straffene

Tom A. Schanke

TOK TINGET PÅ SENGA: Tom A. Schanke fekk gjennom forslaget om å avslutte alle norske uavgjort-seriekampar med straffekonkurranse i 1987.

Foto: Inge Gjellesvik / NTB scanpix

Og så hadde vi seriekampane i 1987 her heime. Tom A. Schankes mykje omtalte forslag på fotballtinget tidleg søndag morgon om at alle uavgjortkampar skulle avsluttast med straffesparkkonkurranse om eit ekstra poeng, blei vedteke med stort fleirtal.

Opprinneleg var forslaget berre tiltenkt dei øvste divisjonane, men delegat etter delegat frå lågare divisjonar gjekk på talarstolen og kravde å få vere med på moroa, dei også.

At dei same delegatane då kvardagen melde seg, undrast på kva i alle dagar dei hadde sagt ja til, er ei anna sak. Straffesparka var der for å bli heile sesongen. Men ikkje lenger enn det, året etterpå var det slutt.

Fotballtabell 1987

RAR TABELL: Slik såg tabellen for 1. divisjon ut i 1987, året då uavgjortkampar i serien blei avslutta med straffekonkurranse

Foto: Aftenposten

– Det var ei utfordring for oss i sportsredaksjonane i avisene, seier Arnfinn Fagerli. Han jobba i A-pressa på den tid, og fortel om tradisjonelle fotballtabellar som måtte få ei heilt ny drakt.

– Tabellane måtte få ein ny kolonne, fordi både vunne og tapte straffesparkkonkurransar måtte visast. Det var det ingen dataprogram som kunne handtere på den tid, seier Fagerli.

66 straffer, tre mål

Det er usikkert kva som er verdsrekorden i talet på forsøk i ein straffekonkurranse. På dei offisielle listene over konkurransekampar på toppnivå er det ein cupkamp i Namibia i 2005 som står øvst.

Der blei det tatt 48 straffer før KK Palace stod som vinnar. Men berre med 17-16, så 15 av dei 48 straffene må ha vore bom.

Treff blei det derimot i Afrika-meisterskapet i 2006. I boka si om straffesparkets historie skriv Nils Henrik Smith om kvartfinalen mellom Elfenbeinskysten og Kamerun, som blei den aller første på internasjonalt nivå der alle 22 spelarane scora på sine forsøk. Det stod altså 11-11.

Då dei skulle ta til med «andre runde», var det stjernene som avgjorde: Samuel Eto'o bomma og Didier Drogba scora, slik at Elfenbeinskysten gjekk vidare.

Her heime i Noreg skal det godt gjerast å slå Gjelleråsens NM-kvalifiseringskamp mot Aurskog-Høland i april i fjor. Der enda straffekonken med 17–16 til Gjelleråsen etter 18 straffer til kvart av laga.

Men straffer skal ikkje vere berre lett, i alle fall ikkje for små bein utan den krafta som dei vaksne stjernene har.

Då Derby Community Shield i England – ei turnering for gutar under 10 år – skulle avgjerast i 1998, vann Mickleover Lightening Blue Sox finalen etter 33 skot frå kvart lag, 66 straffer i alt.

Men effektiviteten til smågutane var så som så, for sluttsifra blei 2-1.

Slik var den aller første straffespark-regelen i fotballregelemntet:

Dersom ein spelar med vilje hektar eller held ein motspelar eller med vilje er borti ballen med hendene mindre enn 12 yards frå hans eiga mållinje, skal dommaren, dersom han blir bedt om det, gi motstandarlaget eit straffespark, teke kvar som helst 12 yards frå mållinja på følgjande vilkår:

Alle spelarane, utanom spelaren som skal ta straffesparket og motstandarens keeper (som ikkje skal gå lenger enn seks yards ut frå mållinja), skal stå minst seks yards bak ballen. Ballen er i spel når straffesparket er teke, og det kan bli scora mål direkte frå straffesparket.

William McCrum / milfordhouse.org.uk
FFK med straffeseier i cupfinalen 1966

AVGJERD: Fredrikstad kan juble etter at Arne Pedersen har gitt dei sigeren i cupfinalen mot Lyn på Ullevaal i 1966. Pedersens sigersmål frå 11-meteren kom i det 89. minutt

Foto: Ivar Aaserud / NTB scanpix

Siste nytt

  • Klopp om mulig arvtager: – Høres veldig bra ut

    Jürgen Klopp uttaler seg veldig positvt om Arne Slot, som er i detaljer om å bli Liverpools nye manager.

    Tidligere denne uken tok klubbens jakt på Klopps erstatter en klar vending. Slot ble pekt ut som favoritt, og torsdag bekreftet Feyenoord-treneren at han er i samtaler med Liverpool.

    På fredagens pressekonferanse fikk Klopp spørsmål om nederlenderen, og sa at han liker mye ved det.

    – Jeg er ikke involvert i prosessen, men jeg liker måten laget hans spiller på. En god trener og en fin fyr. Hvis han er mannen, så blir jeg mer enn fornøyd, sier Klopp.

    – Det er ikke opp til meg å bestemme, men det høres veldig bra ut, forsetter den avtroppende Liverpool-manageren. (NTB)

    Jürgen Klopp
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Rubiales' etterfølger er klar

    Pedro Rocha ble fredag valgt til ny president i Det spanske fotballforbundet (RFEF), og tar med det over etter skandalepresident Luis Rubiales.

    Forbundet bekrefter ansettelsen på sine hjemmesider fredag.

    «Pedro Rocha har i dag blitt utropt til ny president i Det kongelige spanske fotballforbundet, etter å ha mottatt støtte fra flertallet av forsamlingsmedlemmene», heter det i meldingen.

    Rocha har sittet som midlertidig forbundspresident etter at Luis Rubiales trakk seg fra presidentvervet i september.

    Det har stormet rundt RFEF siden Rubiales kysset Jenni Hermoso på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Kysset førte til at Rubiales måtte trekke seg fra vervet.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon.

    Torsdag ble det kjent at forbundet har havnet under lupen til den spanske regjeringen. Forbundet skal derfor «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD) de neste månedene. (NTB)

    Pedro Rocha
    Foto: THOMAS COEX / AFP
  • Brasil-legende Marta varsler landslagsstopp

    Marta avslutter landslagskarrieren i fotball etter årets kamper. Hun er Brasils mestscorende spiller uansett kjønn.

    Brasil-avgangen kommer fram i et intervju Marta har gitt til CNN. I sommer kan hun få sin sjette OL-deltakelse.

    – Hvis jeg er med til OL, skal jeg nyte hvert øyeblikk. For uansett om jeg drar dit eller ikke, er dette mitt siste år på landslaget. Det vil ikke være mer Marta som landslagsspiller i 2025, sier 38-åringen.

    Hun var med på å ta OL-sølv i 2004 og 2008. Brasil tapte begge finalene for USA. I VM har hun også et sølv etter finaletapet mot Tyskland i 2007.

    Marta har scoret 116 mål på 175 landskamper siden debuten i 2002. På herresiden er Neymar mestscorende for Brasil med 79 nettkjenninger.

    I VM topper Marta også lista som tidenes toppscorer uansett kjønn. Fasiten stoppet på 17 mål fra 23 kamper etter fjorårets exit i gruppespillet. (NTB)

    Marta under fotball-VM 2023
    Foto: Aisha Schulz / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal