Ho kom tilbake som om ingenting hadde skjedd i vinter. Tiril Sjåstad Christiansen vann to av dei tre fyrste renna i comebacket, sjølv om ho knapt hadde stått på ski den vinteren.
For fyrst 21.november i fjor var ho tilbake i bakken, heile ni månader etter at OL-håpet i Sotsji blei knust med korsbandsbrot.
– Eg føler eg har blitt ein mykje betre skikøyrar og idrettsutøvar av skaden.
Vil vinne verdscupen
20-åringen har sett seg ned på trampolina i Heminghallen. Ho har akkurat kome heim frå ein månad i Australia og New Zealand og prøvar å bli vant til å gjere triksa på trampoline i staden for snø.
Men der resten av den norske skieliten brukar all si tid på å førebu seg til ein verdscupopning som framleis verkar fjern, har Tiril tatt med seg sesongens fyrste gule leiartrøye heim til Noreg.
– Det gjev sjølvsagt sjølvtillit å ha den gule trøya frå starten av. Det blir tøft, men eg skal jobbe rævva meg for å behalde den heile sesongen, seier Tiril som leiar verdscupen i slopestyle etter å ha vunne det fyrste rennet på New Zealand.
– Korleis skal du klare det?
– Eg skal trene betre enn alle andre, og bli betre på det dei andre ikkje er gode på. Det blir veldig viktig for meg å ta den verdscupkula i år. Den har eg aldri vunne, men eg har ei kjensle at det kan vere mogleg i år.
GUL TRØYE: Tiril Sjåstad Christiansen var godt fornøgd med å reise heim med denne trøya frå New Zealand (bilete frå instagramkontoen @tirilsjaastad).
LES SAKA: Christiansen: – Det har vært ekstremt tungt, men seieren var verdt det
– Betre mentalt
Vegen tilbake har vore lang, tung og krevjande. Opptreninga etter skademarerittet har krevd mykje. Men kanskje hadde ikkje Tiril vore der ho er no, utan skaden.
– Alle dei tinga eg ikkje har hatt tid til å jobbe med tidlegare, som eg kanskje ikkje var så god på eller måtte jobbe med, har eg fått brukt tid på. Eg har også blitt mykje betre mentalt og håpar eg har vist folk at eg har jobba knallhardt då eg kom på pallen i alle løp etter skaden.
– Men eg blir jo aldri 100 prosent.
Der ho sprett rundt på Noregs einaste "supertrampoline" i imponerande rotasjonar og vendingar er det nesten vanskeleg å tru. Men skaden den vil ho merke resten av karrieren.
– Den hemmar meg eigentleg ikkje, men eg merkar jo at eg kan bli veldig sår i kneet. No handlar det berre om å leve med slik situasjonen er og høyre på kroppen. Eg tek heller ein fridag frå hoppinga om eg kjenner meg litt sår og ventar med å køyre på til dagen etter.
For «køyre på» – det skal denne jenta til vinteren.