Like før pause braut det laus med lyn, torever og styrtregn. Det var umogeleg å spele på gigantiske Soldier Field i Chicago då andre omgang skulle ha begynt.
Så ille var det at publikum vart bedne om å trekke inn. Dei aller fleste av dei 55.423 tilskodarane stua seg derfor saman inne i korridorane, trappeoppgangane og romma bak tribunene i over to timar.
Først etter to timar og 25 minutt hadde uveret gitt seg såpass at det var mogeleg å spele fotball igjen. Det var i siste liten, for reglementet seier at eit kampavbrot på meir enn tre timar gir avlysning.
I så fall måtte den resterande omgangen blitt spela komande natt.
Chile til finale
Chile vann kampen 2-0. Charles Aranguiz og Jose Pedro Fuenzalida scora måla i løpet av dei første 11 minutta.
Omgangen etter regnskyllet blei underhaldande, med frisk angrepsfotball og store sjansar på begge sider.
Men kampen var også hard, og dommaren frå El Salvador måtte dele ut åtte gule og eitt raudt kort. Det var Colombias Aston Villa-spelar Carlos Sanchez som blei utvist tidleg i andre omgang.
Chile er regjerande meister, og møter Argentina for andre år på rad i finalen i East rutherford, New Jersey, søndag. I fjor vann dei på straffer. Men Argentina slo Chile 2-1 i gruppespelet tidlegare i årets turnering.