– Det vil vere eit godt tidspunkt for å gi seg. Då vil eg vere på topp etter å ha dominert lenge, sa Bolt under ein pressekonferanse før Diamond League-stemne i Brussel fredag.
27 år gamle Bolt tok tre gull i både OL i Beijing i 2008 og OL i London 2012.
Han har også åtte VM-gull.
– Eg ønskjer å vere heilt der oppe saman med karar som Muhammad Ali og Pele. For å klare det må eg halde fram å dominere heilt til eg gir meg, sa Bolt, som vi vere 30 år i 2016.
Han er i Brussel i samband med avslutningsstemnet i årets Diamond League.
– Planane for neste år skal eg legge i oktober sa han. 2014 er utan eit verdsomspennande meisterskap. – Men eg vil konkurrere på same måten. Kanskje i Samveldeleikane – der har eg aldri vore med før, la han til.
Han antyda også at det kan vere aktuelt å prøve å forbetre verdsrekorden på 200 meter. Den er på 19,19 sekund.
– Dersom eg får vere skadefri og får til eit løp der eg har full klaff i svingen, kan eg klare det. 100 m-rekorden er verre, fordi det er ein meir teknisk distanse, sa Bolt. Den rekorden lyder på 9,58 sekund.