Bodø/Glimt tok viktig poeng

Nordlendingane klarte ikkje ta tilbake tabelltoppen, då laget spelte 1-1 borte mot Sarpsborg 08. Laget har dermed likt poeng med serieleiar Molde, men dårlegare målforskjell. Kristoffer Zachariassen sørga for 1-0 til heimelaget, men sju minutt før full tid utlikna Ulrik Saltnes for Glimt.

Eliteserien i fotball 2019 Sarpsborg 08 - Bodø/Glimt
Foto: Christoffer Andersen / NTB scanpix

Siste nytt

  • Mållaust i Bergen

    Brann hadde ballen klart mest i Bergen mot Haugesund, men det enda med 0-0 framfor 10.000 nokså misnøgde bergensarar.

    Brann hadde klart overtak før pause, men Haugesund var betre med i andre omgang.

    – Siger til oss i dag hadde vore eit ran, sa Haugesunds trenar Jostein Grindhaug til Eurosport.

    Brann - Haugesund.
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • LSK tok nytt steg mot ligagull

    LSK vann toppkampen mot Sandviken med 2-0 etter to mål av Elise Thorsnes.

    Andre resultat laurdag: Arna-Bjørnar - Avaldsnes 0-2, Fart - Røa 1-1, Kolbotn - Stabæk 3-2, Lyn - Klepp 2-1, Vålerenga - Trondheims-Ørn 3-1.

    Elise Thorsnes
    Foto: David Catry / NTB scanpix
  • Narvik-tap mot Vålerenga

    Lillehammer tok sin andre siger på to dagar i ishockeyens eliteserie med 4-2 over Stjernen og klatra til 2.-plass på tabellen med sju poeng, to bak Stavanger.

    I går slo Lillehammer Grüner 8-2.

    Vålernenga to også tre poeng i dag, med 3-1 over Narvik.

Sendeplan

Kl. Program Kanal