Biene invaderte bana i kampens tredje inning i
. Dei sverma standhaftig rundt og hindra effektivt spelarane i å konsentrere seg om ballen.Banemannskapa med god hjelp av publikum prøvde å vifte vekk bisvermen, men utan suksess. Først ved hjelp av eit brannslokningsapparat klarte mannskapa å få biene bort. Då hadde kampen vore avbroten i 23 minutt.
– Då eg høyrde signalet for time-out, snudde eg meg og såg biene. Eg sprang alt eg kunne rett mot motstandabenken. Eg såg dei (biene) midt på bana og tenkte at "nei, eg blir ikkje her", sa Seattle-spelar Felix Hernandez.
Lagkamerat Franklin Gutierrez la også på sprang ut av bana.
– Eg høyrde folk som ropa til meg at det var ein diger sverm like bak meg. "Oh my God, det var uhyggeleg mange", tenkte eg då eg snudde meg.
I fjerde inning kom biene tilbake. Men denne gongen let det seg gjere å fjerne dei raskt, og kampen kunne halde fram.
– Eg har aldri sett noko liknande, seier Mariners-manager Eric Wedge. – Eg har sett ein heil del i mine mange år i gamet – men aldri ein bisverm som har laga problem, legg han til.
– Eg er berre glad ingen vart stukken, seier Wedge, som til slutt kunne sjå sitt lagt vinne kampen 3–2.