Siste nytt

  • Drafta av Arizona Coyotes

    Sarpingen Emil Martinsen Lilleberg er vald av Arizona Coyotes i fjerde runde av NHL-draften.

    Coyotes stadfestar valet av den norske 20-åringen på sin Twitter-konto.

    Lilleberg blei vald som nummer 107 totalt i NHLs talentutvelging.

    Det er sjeldan at ein norsk spelar blir vald så tidleg. Sist ein nordmann blei vald i runde fire var då Steffen Søberg blei drafta av Washington Capitals i 2011.

    Lilleberg var i den norske VM-troppen i vår. Komande sesong skal han spele for den svenske klubben Oskarshamn.

    Laster Twitter-innhold
  • Nådde ikke opp i spurten

    Alexander Kristoff og Rasmus Tiller ble nummer sju og åtte da avslutningsetappen av sykkelrittet Tour de Wallonie endte i massespurt lørdag.

    Den nederlandske spurtstjernen Fabio Jakobsen var best av alle på de siste meterne.

    Alexander Kristoff og Rasmus Tiller var med i spurten, men klarte aldri å komme seg helt fram i tet.

    Sammenlagt ble Tour de Wallonie vunnet av amerikaneren Quinn Simmons. Odd Christian Eiking plasserte seg best av de norske på 22.-plass.

    Alexander Kristoff
    Foto: Dirk Waem / AFP
  • Haugesund slått av 3. divisjonslag

    Haugesund er slått ut av cupen etter straffetap for 3. divisjonslaget Stord. Etter at laga hadde teke ni straffer kvar, vann Stord straffekonken med 7-6 over eliteserielaget.

    Haugesund leia kampen oppskriftsmessig 2-0 tidleg i 2. omgang, men greidde å rote det bort. Martin Pedersen utlikna for heimelaget fire minutt på overtid.

    Ekstraomgangane gav ingen mål, og Haugesund rauk ut då Mads Solberg Johannessen settet sin straffe over mål.

    Kristiansund måtte også slite, og låg under med to mål for Volda. Men dei greidde å snu det, og vann 4-2 etter ekstraomgangar.

    Volda leia 2-0 ved pause, og hadde både ein og to sjansar til å auke tidleg i andre omgang.

    Men etter KBKs redusering etter ein time, blei Volda meir og meir pressa. Utlikninga kom fire minutt før ordinær tid var ute.

    I ekstraomgangane var KBK klart best og avgjorde med to mål. Brynjulfur Willumsson scora tre av KBKs mål, deriblant begge i ekstraomgangane.

    Også Stabæk fekk tøff motstand. Først fem minutt på overtid av andre ordinære omgang sikra Kornelius Normann Hansen 1-0 over Follo.

    Stort lettare var det ikkje for Odd. Det måtte ein straffe i det 89. minutt til før Eik blei slått 1-0.

    Dei andre eliteserieklubbane som var i cup-aksjon laurdag, tok klar sigrar. Runderekorden stod Tromsø for, med 11-0 over Skånland.

    Brann knuste Bjarg med 5-0, og Lillestrøm slo FuVo 4-0

    Kristoffer Velde
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal