Hopp til innhold

Berg fekk nok av «sytekultur» i Glimt – tok eit oppgjer med spelarane

Bodø/Glimt måtte sjå seg slått med 18 poeng av Molde i Eliteserien i fjor. Då Patrick Berg returnerte til klubben merka han fort at noko var gale internt i spelartroppen.

Berg og Knutsen

MÅTTE TA GREP: Patrick Berg og Kjetil Knutsen merka begge ein ukultur i Glimt i fjor. Då vart det teke raskt grep.

Foto: Montasje / NTB

– Mange gjekk inn i offerrolla og vart frustrerte fordi andre lag prøvde å øydeleggje for det spelet Glimt ønskte.

Det seier ein openhjarta Patrick Berg til NRK om det som vart ein eliteseriesesong utan Glimt-gull i fjor.

For første gang på tre sesongar måtte gultrøyene gi frå seg eliteserietrona då Molde vann serien på overlegent vis.

Då Berg returnerte til Aspmyra i slutten av august etter Frankrike-opphaldet i Lens, tok det ikkje lang tid før han merka at noko var gale i den tidlegare så suverene eliteserieklubben.

Klagekultur og sytekultur

Fleire av dei norske laga byrja å «finne litt ut av Glimt», og Patrick Berg merka ein intern irritasjon over akkurat det.

– Eg kom tilbake til klubben med litt nye auge. Då kjende eg at det var opparbeidd seg ein slags klagekultur og sytekultur, fortel ein ærleg Berg.

Midtbaneeleganten kjende eit behov for å snu situasjonen og sjå konstruktivt på det. I auga til landslagsspelaren hadde det vore meir skuffande viss andre lag i Noreg ikkje prøvde å øydeleggje for dei og sørgje for at dei spelte dårlegast mogleg.

– Det handla berre om å snu det til noko positivt, det er eigentleg når ein møter motstand at det er lettast å utvikle seg, påpeikar Berg.

Patrick Berg

Patrick Berg, her på trening i Spania, meiner Glimt aldri har vore betre rusta for suksess enn akkurat no.

Foto: Egil Sande / NRK

Han tok derfor initiativ til ein prat med Bjørn Mannsverk, som er mentaltrenar i Bodø/Glimt.

Saman vart dei samde om at dette var noko dei ønskte å løfte fram for resten av spelargruppa for å ta eit oppgjer med den ukulturen som var i ferd med å vekse fram.

– Vi har eit veldig naturleg forum i Glimt for å kunne seie frå om ting nokon kjenner på, og det var noko eg kjende på, det var ei markant endring frå eg drog frå klubben til eg kom tilbake. Det var ikkje snakk om å kjefte eller noko sånn, men eg ville bevisstgjere at det låg ei fantastisk moglegheit der til å utvikle oss som lag når vi møter motstand, og at det ein opplever som ekkelt eigentleg er positivt, seier Berg.

Les også: Slår tilbake mot VIF-Jonssons kritikk: – Må passe seg sjølv

Moe og Jonsson
Moe og Jonsson

Knutsen: Har «reinska opp»

Bodø/Glimt-trenar Kjetil Knutsen rosar han for initiativet. Og Glimt-sjefen har ingen problem med å innrømme at han sjølv kjende på det same førre sesong.

– Vi snakkar ganske ope i Glimt om ganske mange ting, og det var litt tendensar i fjor til at ting sklei ut. Sutrekultur er ikkje ein kultur vi ønskjer, og det har vore antydningar og tendensar til det. At ein som har vore i Glimt lenge og kjenner den kulturen vi skal ha her, kjem tilbake og ser at det har endra seg, det kan vere ein vekkjar for oss alle, seier Knutsen til NRK.

Glimt-trenaren skildrar det som at dei har «reinska opp» i situasjonen.

– Dei spelarane som skal vere med i systemet vårt, dei skal vere ekstremt dedikerte, sånn må det vere, slår Knutsen fast.

– Er den sutrekulturen borte no, slik du ser det?

– Ja. Den energien og humøret vi starta med 3. januar, han har vore heilt imponerande, tryggjer Knutsen.

Hvilket lag vinner Eliteserien 2023?

Åtvarar konkurrentane

Patrick Berg er av same oppfatning når han tek seg tid til ein lengre prat med NRK på Glimts fasjonable hotell utanfor Alicante, der sølvvinnarane frå 2022 ladar opp til ein ny sesong.

Berg slår klart og tydeleg fast at oppgjeret som vart teke i fjor fekk den ønskte effekten.

– Den kulturen er på lang veg heilt borte. Den energien og viljen som har vore i gruppa heilt sidan vi møtte opp 3. januar, har vore veldig bra, meiner Berg.

Og sender samtidig ei kraftig åtvaring til dei andre konkurrentane i Eliteserien:

– Både på det mentale og fotballmessige har vi ikkje hatt noko betre utgangspunkt nokon gong i Bodø/Glimts historie, det er det ikkje noko vits å leggje skjul på.

Les også: Toppserie-spilleren ble gravid: – Jeg følte meg som en byrde som ikke lenger var ønsket i klubben

Victoria Ludvigsen med barna
Victoria Ludvigsen med barna

– Molde hadde ein optimal sesong

Og då er det verd å hugse på det Kjetil Knutsen minner om: Førre sesong enda faktisk ikkje så verst for Glimt, han heller.

– Vi vart nummer to i serien, tok cupsølv og gjorde ganske gode prestasjonar i Europa. Det har derfor vi har komme tidleg i gang i år, vi ønskjer å vere endå meir konkurransedyktige i 2023. Vi trur retninga vår er rett, men vi møter eit ambisiøst Molde-lag og fleire andre lag. At det blir tøff konkurranse om å vere det beste laget, er det liten tvil om. Vi gler oss og er klare til å ta opp kampen, seier Knutsen.

– Men 18 poeng opp til Molde i fjor. Det er ikkje hyggjelege tal for dykk?

– Det burde sjølvsagt vore mindre avstand opp, men det er berre å erkjenne at vi ikkje var gode nok til å konkurrere med dei. Dei hadde, litt som vi hadde i 2020, ein optimal sesong. Men det fine er at vi byrjar på null igjen, og vi hadde ein krevjande sesong i fjor med 56 kampar, og det hadde vi ikkje krafta og intensiteten i oss til å gjere. Vi handterte ikkje det så godt som vi hadde håpa, innser han.

Kjetil Knutsen

Kjetil Knutsen, her sitjande i prat med NRK på Glimts hotell La Finca utanfor Alicante, er glad for at han har spelarar som Patrick Berg til å seie frå når ting ikkje er sånn som dei bør vere.

Foto: Egil Sande / NRK

– Kva må Glimt oppnå i 2023 for at du skal vere fornøgd?

– Der er eg veldig avslappa, vi tør å seie at vi er ein klubb med ambisjonar, men vi snakkar lite om det og er oppteke av korleis vi kan bli betre kvar einaste dag, korleis kan vi hente ut dei små marginane, vi snakkar om svolt og kvalitet. Det er den vegen vi har, og den vegen kjem vi til å halde fram med. Om andre lag har betre utvikling enn Bodø/Glimt, då må vi evaluere oss knallhardt. Men når eg sit her, i januar, er eg optimistisk på vegner av Glimt og trur vi kan ta nokre fine steg i 2023.

Bodø/Glimt serieopnar borte mot Sarpsborg 08 den 10. april. Men før den tid skal dei møte Lech Poznań i playoff-kampen mellom gruppetoarane frå Serieligaen og gruppetrearane frå Europaligaen, før Serieligaens sluttspel tek til.

Kampane skal spelast torsdag 16. februar, der første kamp er på Aspmyra i Bodø, medan returoppgjeret blir spelt 23. februar i Polen.

Sportsnyheter

UEFA Euro 2024 Qualifiers - Group H - Kazakhstan v Denmark

Hareide om Danmark-smell: – Et sjokk for danskene

Alt så ut til å gå mot en oppskriftsmessig seier for Danmark, men så kollapset gjestene fullstendig mot Kasakhstan.

Siste nytt

  • Northug mister NM-comebacket grunnet sykdom

    Petter Northug skulle etter planen gjøre comeback under NM på Tolga, men må melde avbud grunnet sykdom, melder Adresseavisen.

    – Petter er forkjølet og stiller ikke på lagsprinten i NM på onsdag. Strindheim stiller da med Håkon Skaanes og Even Northug, sier Morten Bostad til avisen.

    Bostad er ansvarlig for seniorløperne i Strindheim IL.

    I utgangspunktet skulle Northug gjøre NM-comeback på Tolga under lagsprinten for Strindheim. Det blir nå altså ikke noe av. (NTB)

    Tour de ski 2022/23
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Saka-magi etter stor Ukraina-markering

    Bukayo Saka scoret kampens andre og fineste mål da England slo Ukraina 2-0 på hjemmebane i EM-kvalifiseringen. Det ble en emosjonell markering før kampstart.

    England fikk en pangstart på kampen da kaptein Harry Kane sendte britene i ledelsen etter å ha blitt spilt opp av Bukayo Saka, før Arsenal-stjernen doblet ledelsen med et drømmeskudd i krysset.

    Kane gjorde seg også toneangivende i 2-1-seieren over Italia tidligere i uken. Da scoret han sitt 54. landslagsmål og passerte Wayne Rooney som tidenes toppscorer for England.

    England og Ukraina spiller i gruppe C. I tillegg til Italia skal de også møte Nord-Makedonia og Malta.

    Før avspark var det en stor markering mot invasjonen av Ukraina, hvor de oppmøtte supporterne veivet med ukrainske flagg mens spillerne stile opp side om side foran et ukrainsk flagg med påskriften «fred» på engelsk.

    Russland invaderte Ukraina i februar i fjor. Søndagens bortekamp var Ukrainas første i EM-kvalifiseringen. Deres første hjemmekamp kommer mot Malta 19. juni. Det er ikke oppgitt hvor den skal spilles enda.

    England Ukraine Euro 2024 Soccer
    Foto: Alastair Grant / AP
  • Syk Holund dropper NM – Klæbo står over femmila

    Hans Christer Holund er fortsatt syk og reiser ikke til NM på Tolga denne uken. Johannes Høsflot Klæbo står over den avsluttende femmila, skriver Adressa.

    Holund har slitt litt med sykdom etter VM, og søndag opplyser landslagstrener Eirik Myhr Nossum at Lyn-løperen ikke blir å se i NM del to på Tolga denne uken.

    – Alle reiser i utgangspunktet, men «HC» blir hjemme. Han er fortsatt ikke helt frisk, sier Nossum til Adresseavisen.

    Klæbo har levert en kjempesesong og avsluttet den med å vinne verdenscupen sammenlagt. Sprinttrener Arild Monsen sier til Adressa at Klæbo planlegger å gå lagsprinten og 10-kilometeren på Tolga, men at trønderen dropper femmila fredag.

    Det er lagsprint onsdag, 10 kilometer klassisk torsdag før NM rundes av med femmil. (NTB)

     Ski-VM 2023: 4x10 km stafett for menn
    Foto: Terje Pedersen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste