Hopp til innhold

Krev at Bjørnebye trekk seg: - Overraskande at dei ikkje har reagert før

Supporterklubben «Kjernen» krev at sportsleg leiar i Rosenborg Stig Inge Bjørnebye må gå av. NRK-ekspert forstår at supporterane reagerar. Han er mest overraska over at den ikkje har kome før.

Stig Inge Bjørneby

KREV AVGANG: Supporterklubben til RBK ber sportsleg leiar i klubben ta sin hatt og gå av.

Foto: Per Ingvar Rognes

– Det luktar vondt i kongeriket Rosenborg for tida. Og ikkje er det så lett å finne ut kor lukta kjem frå heller, men noko av eimen kjem i alle fall frå sportsleg leiar sitt kontor, skriv supporterklubben på sine eigne nettsider.

Nettartikkelen er publisert dagen før Rosenborg møter byrival Ranheim til kamp. RBK har som kjent slite i starten av denne sesongen, men har fram mot sommaren klatra opp til ein åttandeplass på tabellen. Sist veke rauk derimot fjorårets cupmeister på hovudet ut av cupen mot Ålesund.

– Det stinkar av korleis Bjørnebye har utøvd jobben sin. Vi antar det må vere morosamt å vere i ein jobb kor man kan leike seg med pengar. Men når det syner seg at leiken ikkje ber frukter, må man faktisk ta sin hatt og gå ut døra, skriv klubben vidare.

Eliteserien fotball 2019: Rosenborg - Sarpsborg 08 (1-0).

KRITISKE: Supporterklubben tek i eit innlegg på eigne sider eit kraftig oppgjer med leiinga i Rosenborg.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Talsmann i Kjernen, Espen Viken, fortel til NRK at dei ikkje ønskjer å kommentere innlegget ytterlegare.

NRK har ikkje lykkast å få tak i sportsleg leiar Stig Inge Bjørnebye.

Stikk til Horneland

Klubben tek også eit oppgjer med trenarjakta som gjekk føre seg i fjor.

– Sportsleg leiar var også mannen som var ansvarleg for trenarjakta i fjor haust. Om det no så endar opp der at vi må ut på trenarjakt igjen, kan ikkje Bjørnebye vere den som står for denne jakta. Det betyr at han må gå av, står det i innlegget.

Dei kjem også med stikk til trenar Eirik Horneland.

– Vi står for brevet vi skreiv i fjor. I vår klubb spelar vi artig og angrepsvillig fotball. Om det er for vanskeleg å forstå, må du gå du også.

NRK sin fotballekspert, Carl-Erik Torp, forstår godt Kjernen sin frustrasjon når det kjem til resultat og spelestil.

– Det er jo kræsj når dei tilset Horneland. Dei matchar jo ikkje heilt. Rosenborg har jo ikkje sprudla på noko som helst måte og vore fryktelege periodevis, seier Torp og legg til:

– Om ikkje resultata skal vere Rosenborg-vennleg, så må fotballen vere det.

Trenar Eirik Horneland har heller ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.

Ber Koteng halde seg unna media

Styreleiar Ivar Koteng slepp heller ikkje unna kritikk i brevet frå supporterklubben.

– Koteng, du må slutte å snakke med media. Og ja, vi støtta deg i sparkinga av Kåre, og meiner framleis at det var korrekt, men som styreleiar er du ansvarleg for alt som har skjedd sidan den gong også. Du er på val om nokre månader, og du har tid til å rydde opp. Men hald deg unna media eller ta jamleg lange samtalar med for eksempel Nils Heldal, skriv klubben vidare.

Eliteserien fotball 2019, Molde - Rosenborg.

FÅR KJEFT: Supporterklubben meiner også at styreleiar Ivar Koteng bør halde seg unna media.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Denne uttalen har eg ikkje lest, og eg aktar uansett ikkje å kommentere den, seier ein svært ordknapp Ivar Koteng til NRK.

Torp synest at det er heilt på sin plass at Kjernen seier frå. Han meiner at klubben sine prosessar rundt tilsetjingar og spelarlogistikk, i tillegg til manglande resultat er katastrofale.

– Det er klart at når styret i Kjernen går offisielt og tydeleg ut og krev at han skal sparkast, så må man jo på ein måte handtere det, seier Torp.

– Det ville vore veldig rart om dei ikkje fekk sagt ifrå på eit tidspunkt no, man kan nesten sei at det er overraskande at ikkje den reaksjonen har kome før.

– Vi elskar deg, Lord Bendtner

Dei trekk også fram Bjørnebye si rolle med signeringa av dansken Nicklas Bendtner. I sin første sesong var han ein stor suksess og vart toppscorar i Eliteserien.

– Vi har sett pris på alle magiske augneblink vi har delt saman dei siste sesongane, men noko av det vi set størst pris på, er at du tar dagens situasjon som ein bauta. Du sutrar ikkje i media, du klager ikkje i sosiale medium.

Eliteserien fotball 2019, Molde - Rosenborg.

DYR: Klubben takkar Bendtner, men meiner han no er blitt ein økonomisk byrde for klubben.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Denne sesongen har dansken blitt tatt ut av laget og han kostar klubben dyrt.

– Tidlegare har vi hatt både kongar, gudar og supermenn på bana. Men du vil nok vere vår første og siste Lord. Vi elskar deg, Lord Bendtner. Takk for alt. Men no kostar du klubben meir enn det smakar, og vi håpar for alle sin del at du finn deg nye jaktmarker, står det til slutt i innlegget.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal