Asgautsen vann Oslo maraton
Thomas Asgautsen frå Stavanger vann suverent den lengste etappen i Oslo Maraton. Etter 42,2 kilometer gjennom gatene i hovudstaden kryssa han målstreken etter 2.26.54.
Sebastian Conrad Håkansson kom sterkt på slutten og tok 2. plassen med ny personleg rekord, 1,21 bak vinnartida. Magnus Warvik frå NTNUI sikra seg 3.-plassen.
Mezgebu Alemu Molla frå Etiopia leia maratonen heilt fram til ti kilometer stod att, men fekk det tungt på slutten og var nesten ni minutt bak vinnartida i mål.
Russiske Marfa Troeva vann kvinneklassen med tida 2.54,12. Gaia Elisabeth Mathisen vart beste norske kvinne på ein 2.-plass, 2.21 bak Troeva.