Årets første skirenn kan blåse bort
Årets første skirenn, nemleg sprinten i fristil under den nasjonale langrennsopninga på Beitostølen fredag, står i fare for å bli avlyst.
Det var Adresseavisen som melde dette først.
Grunnen er at det er meldt kraftig vind. Rennleiar Torbjørn Broks Pettersen seier til NRK at han vil informere alle skileiarane om situasjonen under eit lagleiarmøte torsdag kveld. Der vil han og juryen få råd frå Langrenns-Noreg om kva dei bør gjere.
Men noko avgjerd kjem ikkje før fredag morgon. Juryen vil vere på plass på stadion frå klokka 06.00. Her vil dei ta ei fortløpande vurdering på kva dei skal gjere utover morgonen fredag.
– Då skal vi vurdere tryggleiken for alle som er involvert, løparar, leiarar, media og dei som jobbar hos arrangøren, seier Broks Pettersen.