– Fredag kveld oppdaga Amalie at ein utøvar under henne på lista jubla over VM-plass på Instagram, så då skjønte jo Amalie at ho også måtte ha fått tilbodet, fortel Hans Jørgen Borgen til NRK.
Han er sportsleg koordinator i Ullensaker/Kisa, klubben til VM-vraka Amalie Sæten.
– Ho skjønte ingenting. Eg tok så kontakt med sportssjefen og han stadfesta at ho hadde fått tilbodet, og han sa at det var avgjerda hans om å ikkje ta henne ut. Men vi fekk eigentleg ikkje noka grunngiving, forklarer Borgen.
For i utgangspunktet var Sæten akkurat ikkje kvalifisert til 1 500 meteren då fristen for VM-uttaket gjekk ut 26. juni, men var neste kvinne på lista. Tre dagar seinare opna det seg så ein plass, og friidrettsforbundet fekk tilbodet om å ta med Sæten til meisterskapen i Eugene.
Det takka dei altså nei til.
– Det er ei totalvurdering. Når vi hadde fått ei ramme og ein frist meinte vi det var feil å ta inn nokre nye. Vi ville halde oss til fristen, og kjende det ville bli litt tilfeldig og urettferdig. Derfor heldt vi oppe avgjerda om at dei skulle vere kvalifiserte innanfor fristen, forklarer sportssjef i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik.
– Spesiell personalbehandling
– Til meg sa han berre at dei hadde valt å ta omsyn til den opphavlege fristen, men det er ikkje noka grunngiving. Fristen var berre noko World Athletics sette for tilbakemelding om ein ville ha plass, ikkje ein frist som var sett av NFIF (Noregs Friidrettsforbund) i forkant, seier Borgen.
Men det er ikkje berre sjølve avgjerda han er kritisk til.
– Eg reagerer på to ting. Både at dei har sagt nei til VM-plass, og at dei ikkje har informert Amalie om tilbodet. Det er spesiell personalbehandling, for å seie det sånn, seier han.
NRK har vore i kontakt med Amalie Sæten, men ho ønskte ikkje å kommentere saka. Tirsdag publiserte ho likevel dette innlegget på Instagram:
– Får gåsehud av tanken på det, men kan ikke annet enn å fortsette å gjøre jobben for å ha noe i et VM å gjøre.
– Altså, så nærme. Er ikke bitter, bare motivert, skriver ho mellom anna.
Slokvik erkjenner at det tok for lang tid før Sæten fekk vite om tilbodet.
– Eg prata med trenaren hennar. Det var det eg rakk den kvelden. Han var i USA og der var det framleis dag. Det gjekk litt for lang tid før eg fekk prate med henne om det, men vi hadde kontakt med trenarane hennar før vi tok avgjerda om at ho ikkje fekk den invitasjonen, fortel Slokvik.
– Kan ha stor økonomisk innverknad
Borgen forstår ikkje kvifor forbundet valde å takke nei til VM-plassen, og meiner Sæten no går glipp av viktig læring og erfaring.
– For ein utøvar er det krevjande og tøft å satse på heiltid. Berre det å ha vore i eit VM, kan ha stor økonomisk innverknad. Ein blir meir attraktiv for sponsorar òg, forklarer han.
– Dessutan blir det klaga over at for få kvinner satsar, men det er ei kjend sak at kvinner når toppen seinare enn menn. Korleis skal forbundet få kvinnene til å halde ut heilt fram til dei når toppnivået, når dei blir behandla slik?, spør Borgen.
At Sverige valde å sende ein utøvar til VM som var i same situasjon som Sæten, gir berre Borgen fleire spørsmål.
– Det er fleire veker til VM, det hadde ikkje vore noko problem å komme seg dit. Sverige fekk det jo til.
– Det går ikkje på at vi ikkje får det til, men at vi hadde bestemt oss for ein frist. Vi har sagt at det skulle vere innanfor den fristen og vere likt for alle. Vi kunne fått det til, men meinte det var prinsipielt feil, svarer Slokvik.
For Borgen og Ullensaker/Kisa er denne saka noko dei seint vil gløyme.
– Det er veldig spesielt for oss som klubb òg. Vi har tidlegare opplevd at utøvarar, som kjem med som dei siste i uttaket, har gått til finale i internasjonale meisterskapar.