– Eg forstår at han gjer det han gjer. Alle utøvarar ønskjer å ha dei same retningslinjene.
NRKs alpinekspert Kjetil André Aamodt seier at han skjønar reaksjonen til Henrik Kristoffersen.
For i går kunne NRK avsløre at Kristoffersen går til sak mot Norges Skiforbund. Det er fordi han ikkje får lov til å inngå avtale med den private sponsoren Red Bull.
Men Aamodt trur det vil slå negativt ut, både for Kristoffersen og landslaget.
– Problem skapt av skiforbundet
– Henrik er ein ung utøvar. Eg trur dette påverkar han negativt. Det er først og fremst han som tapar på dette. Men det er også han som har sett hardt mot hardt, seier Aamodt.
Han trur dette kan vere negativt for laget, men meiner ansvaret ligg på skiforbundet. Problemet starta då dei godtok særavtalen til Aksel Lund Svindal.
– Eg er heilt overbevist om at dette skapar splitting i gruppa, noko som egentleg har vore der heilt sidan avtala til Lund Svindal kom på plass. Dette problemet er skapt av skiforbundet.
Den norske landslagsmodellen
Norges Skiforbund er på si side krystallklare på at dei ikkje kjem til å gi etter for søksmålet, og vil stå på sitt. Generalsekretær Stein Opsal seier til NRK at slike saker utfordrar heile grunnlaget til toppidretten.
– Det er ein veldig viktig sak, for det dreiar seg om kven som eig marknadsrettigheitane til utøvarane. Det er det basale for korleis ein finansierer idretten. Viss utøvarane sjølv kan disponere sine private sponsorar forsvinn grunnlaget for toppidretten, seier Opsal.
Og det er Aamodt heilt einig i. Han trur den gjeldande praksisen er den beste modellen for å sikre rekruttering til idretten.
– Eg trur personleg den modellen me har no er den beste for å sikre framtidig rekruttering til sporten.
Men han er klar på at ein no må ta diskusjonen rundt kva som er best for framtida til norsk alpinidrett.
– Den norske landslagsmodellen er under press. Diskusjonen no er om dette er ein modell for framtida.
– Urettferdig
Far til Henrik Kristoffersen, Lars Kristoffersen, sa til NRK i går at sonen føler seg urettferdig behandla.
– Det er andre utøvarar som har det, så det er litt urettferdig. Det burde vore likt for alle, seier Lars Kristoffersen.
Han sikta då blant anna til avtalen Aksel Lund Svindal har med Red Bull, som gjer at han kan køyre med deira logo på hjelmen.
– Den avtalen som blei gjort for Aksel Lund Svindal var i ei veldig spesiell tid for norsk alpinsport. No handlar det om å finne retningslinjer som gjer at alle utøvarane er nøgde.